Hopp til innhold

Svært vanskelege køyreforhold

Mykje regn på kort tid gjorde at hardpakka snø vart til tjukk slaps og svært vanskelege køyreforhold i Sogndalsdalen.

Frudalen

VANSKELEG: Mykje snø som har vorte til slaps i vegbanen gjer forholda vanskeleg frå Frudalen (på biletet) til Selseng, åtvarar både Statens vegvesen og bilistar.

Foto: Statens vegvesen - webkamera

– Det har aldri vore så dårleg, og eg har budd her heile mitt liv og brukt vegen sidan han opna i 1994, meir eller mindre dagleg, seier Helge Torstad, som køyrde vegen i kveld.

Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen stadfestar at vegen vart svært vanskeleg då regnet kom fort i ettermiddag.

– Det hardpakka snølaget har løyst seg opp og blitt til slush og slaps. Det er grautete, vanskelege veg, seier han.

– Høgt med snø under bilen

Nedberge Hille fortel at dei har fått mange meldingar i kveld, og at dei første kom rundt klokka 17.30.

Også NRK har fått fleire meldingar. Ein person skriv om kaos på vegen.

– Det er veldig vanskelege køyreforhold i Sogndalsdalen. Veldig mykje snø i vegbanen, sporete og høgt med snø under bilen. Treig trafikk, og ein trailer som står fast, skriv innsendaren.

Trafikken stogga medan snøen blir fjerna

Akkurat no jobbar tre bilar på strekninga mellom Frudalen og Selseng.

– Vi stoggar trafikken medan vi går over med veghøvel. To brøytebilar og ein traktor held på, seier Nedberge Hille.

Han seier det er svært viktig at folk er forsiktige i området.

Det er veldig vanskelege forhold, og bilane må ta det med ro og køyre etter forholda, oppmodar han.