Hopp til innhold

Ho er bistandsadvokat for to av dei råka familiane: «Dei har det svært vanskeleg og tungt»

Som bistandsadvokat er ho dei råka familiane si kjelde til informasjon om alt som skjer og har skjedd i samband med det fryktelege trippeldrapet.

Maria Kirkeeide Ravnå

STØTTAR FAMILIANE: Maria Kirkeeide Ravnå er bistandsadvokat for to av dei råka familiane etter trippeldrapet i Årdal.

Foto: Arkiv / Christian Blom / NRK

Maria Kirkeeide Ravnå er bistandsadvokat både for familien til Arve Kvernhaug frå Bagn i Valdres (55) og Margaret Molland Sanden (19) frå Årdalstangen. To av dei som måndag vart brutalt drepne av ein 30 år gamal mann frå Sør-Sudan.

– Dei har det svært vanskeleg og tungt. Dei er i djup sorg og har vanskar med å ta inn over seg og forstå det som har skjedd, seier bistandsadvokaten til NRK.no.

Ho fortel at familiane er takknemlege fordi dei har fått god hjelp og støtte frå kommunen sitt kriseteam, men også frå naboar og vener. Verre har det vore å oppleve at det kjem fram opplysningar i media som dei ikkje har fått frå eller stadfesta av politiet.

Reagerer på spekulasjonar

– Det er klart at det kan vere vanskeleg. Det dei er spesielt opptekne av og som har vore vanskeleg, er at det blir spekulert i mykje i media i høve sjølve hendinga. Det er ein stor tilleggsbelasting for dei at det blir presentert ulike opplysningar som ikkje stammar frå den pågåande etterforskinga, meiner Kirkeeide Ravnå.

Ho peikar på at opplysningar som kjem fram ikkje naudsynleg er korrekte, og at familiane opplever dette som uheldig.

– Vi har oppretta eit godt samarbeid med politiet no, og får opplysningar derfrå som eg kan formidle til dei på ein god måte. Då er det uheldig at det kjem andre opplysningar i media som familien ikkje er kjende med, og som ikkje kjem frå politiet.

Margaret Molland Sanden

STOR SORG: Familiane til dei som vart drepne i busstragedien i Årdal reagerer på at media kjem med spekulasjonar og opplysningar som ikkje kjem frå politiet.

Foto: privat

Familiane følgjer med i media

– I kor stor grad føl familien til Margaret mediedekninga i den situasjonen dei er oppe i?

– Det er klart at det er vanskeleg å ikkje få med seg dette. Dei føl jo med på saka, sjølv om det ikkje er det som er deira hovudfokus. Det er jo å arbeide med tankar, sorg og saknet etter Margaret. Det er ikkje til å unngå at dei ikkje får med seg dei opplysningane som blir presentert, seier bistandsadvokaten.

Som bistandsadvokat har ho nær kontakt med dei råka familiane i den svært tunge tida dei er i, og ho er glad for at ho no har eit godt samarbeid med politiet om å skaffe dei korrekt informasjon.

– Min jobb blir særleg å gje dei fortløpande informasjon, svare på dei spørsmåla dei har og ta vare på dei på best mogleg måte, seier Maria Kirkeeide Ravnå.

Taktisk etterforsking held fram

Lensmann Åge Løseth i Sogndal seier fredag ettermiddag at politiet no har gjennomført kring 60 vitneavhøyr, og at det er gjennomført fleire tekniske undersøkingar, blant anna av bussen.

– Åstadsgranskingane er no avslutta, og dei tekniske analysane blir no gjennomført, dette arbeidet vil ta tid. Den taktiske etterforskinga i Årdal held fram, og vil halde fram inn i dei neste vekene, seier Løseth.

Politiet har no fått obduksjonsrapportane, men innhaldet i rapportane vil ikkje bli gjort kjend. Om det vil skje på eit seinare tidspunkt vert vurdert opp mot etterforsking og omsynet til dei pårørande, opplyser politiet.