Hopp til innhold

Svært tørr og varm haust - men no snur det

September og oktober har vore svært mykje tørrare og svært mykje varmare enn normalt. – Rett og slett ein fin haust, seier Kari Bergfjord ved Vêrvarslinga.

Haustfoto

VAKKERT: Dette vakre haustbiletet har Ove Bottolfsen sendt oss. Nedst kan du sjå fleire hundre lesarbilete av den vakre hausten.

Foto: Over Bottolfsen

Føler du også at sol og gode temperaturar har prega fjellturar eller andre aktivitetar i haust?

Du har heilt rett. For som tabellen lenger nede viser har det vore langt varmare enn normalt og regna langt mindre enn normalt i heile fylket.

– Dei fleste vil seie at det nesten ikkje har vore nedbør, for det har vore heilt tørt i lange periodar. Mange stader har all nedbøren kome på ein eller nokre få dagar, seier Kari Bergfjord ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Ein fin haust?

– Ja, rett og slett ein fin haust. Det har vore både tørt og mildt. Vi får sjå tilbake og tenke på det som eit plaster på såret for ein dårleg sommar.

Men, for det er jo alltid eit «men»: No kjem hausten.

– Det ser ut til å snu til helga og i neste veke. Det blir meir normalt haustvêr, med ein god del nedbør, seier Bergfjord.

  • Sjå hundrevis av haustbilete frå lesarane våre under tabellen.

Vêret september og oktober

Målestasjon

Nedbør / % av normal

Temperatur / over norm

Takle

328 mm / 31 %

10,8 / +1,7

Vangsnes

86,4 mm / 32 %

10,6 / +1,9

Klevatnet

116,9 mm

4,9

Lærdal

50,6 mm / 44 %

8,9 / +1

Sogndal luft.

7,5 / +1,5

Fjærland

180,3 mm / 41 %

8,5 / +1,6

Fureneset

291 mm

11

Førde luft.

9,2 / +2

Førde Tefre

246,8 mm / 46 %

9,8 / +1,8

Florø luft.

11,7 / +2

Ytterøyane fyr

12,6 / +2,5

Svelgen

351,2 mm / 54 %

11,5

Sandane

135,2 mm / 42 %

9,3 / +1,8

Stryn

136,6 mm / 37 %

12,0 / +2

Kråkenes fyr

12 / +2

Ekspander/minimer faktaboks
Morgon etter natt under åpen himmel
Foto: Gustav Skaar
Langedalen på Sørstranda i Gloppen
Foto: Asbjørn Gimmestad / NRK
Hyenfjorden
Foto: Bente-Anita Hellebust
Haust ved Inste Langevatnet i Naustdal
Foto: Kjell O Hjellbrekke
Flofjellet
Foto: Alf Terje Glomnes
Hundar haustfoto
Foto: Elin Anita Gjerde
Boble i graset
Foto: Margot Espedal
Nøtteskrike
Foto: Oddmund Kjøsnes
Haustfoto
Foto: Ove Bottolfsen
Tur til Molden i Luster
Foto: Birgit Eide Stenehjem
Haust
Foto: Inger Rake