Hopp til innhold

Svært spent på utfall av rettssak

Bremanger kommune følgjer spent med på Terra-rettssaka som dei neste vekene går i Oslo tingrett. Om dei åtte involverte kommunane vinn fram vil det bety 15–20 millionar kroner i kommunekassa i Nordfjord-kommunen.

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

SPENT: Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, følgjer spent med på den fem veker lange rettssaka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei åtte involverte Terra-kommunane, Bremanger, Hattfjelldal, Haugesund, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik, meiner forsikringsselskapet Ace European Group Limited har eit forsikringsansvar for tapa i Terra-skandalen.

Kommunane byggjer dette på at dei meiner Terra Securities dreiv uforsvarleg finansiell rådgjeving.

Det er Haugesund og Hattfjelldal kommunar som møter forsikringsselskapet til Terra Securities i retten, der dei krev 100 millionar kroner. Utfallet av saka betyr noko for alle dei åtte kommunane.

– Om vi vinn fram har kommunane blitt samde om korleis desse midlane skal fordelast kommunane imellom. For Bremanger sin del betyr det, om vi vinn fram, ein stad mellom 15 og 20 millionar kroner, seier rådmann Tom Joensen.

– Dette er viktig for oss

Bremanger kommune er ein av åtte kommunar som tapte store summar på risikofylte obligasjonar gjennom meklarfirmaet Terra Securities.

I dag starta sivilsaka i Oslo tingrett der dei involverte kommunane krev 100 millionar kroner av forsikringsselskapet ACE.

Om kommunane når fram med kravet blir dette altså fordelt på dei involverte kommunane. Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, legg ikkje skjul på at han følgjer spent med.

– Det er klart vi er spente. Dette er viktig for oss, seier han.

Ventar på ankesak

Det er fleire rettssaker i vente i kjølvatnet av Terra-skandalen. Joensen seier saka som dei neste vekene går i tingretten i hovudstaden, er saka der det er snakk om den minste summen.

– Det er andre rettssaker der beløpa er mykje større, men uansett er saka viktig for oss, understrekar han.

I fjor haust vann Bremanger kommune fram i rettssaka mot Danske Bank, og i tingretten fekk dei ugyldiggjort låneavtalar som vart inngått i 2006 og 2007.

Etter ei nøye og grundig vurdering valde Danske Bank å anke denne saka. Denne er venta å kome for retten i mars 2015, seier Joensen.

– Om tingrettsdommen i denne saka blir ståande vil det utgjere mellom 65 og 70 millionar kroner for Bremanger kommune. Men vi må smørje oss med tolmod i desse sakene, seier rådmannen og viser til at det er over eitt år til saka kjem for retten.