Hopp til innhold

Svært mange har førehandsrøysta i Nordfjord

Over 1700 menn og kvinner i Gloppen og Eid har gjeve si førehandsrøyst til folkerøystinga om kommunesamanslåing.

Førehandsrøysting på Eid

HØG DELTAKING: Ut frå talet på førehandsrøyster, er det all grunn til å tru at det blir høg deltaking i folkerøystinga i Eid og Gloppen i dag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– 1079 personar har førehandsrøysta. Dette er noko av det høgaste vi har hatt når det gjeld førehandsrøysting, uansett val, seier Siv Kvalsvik Haugen i Gloppen kommune til NRK.

Gloppen har om lag 4500 røysteføre, og såleis har nær 25 prosent av dei røysteføre alt sagt sitt i høve kommunen si framtid.

Men også på andre sida av fjorden har veljarane nærast gått mann av huse for å seie sitt. Ordførar Alfred Bjørlo fortel at dei har registrert 629 førehandsrøyster.

– Det er ganske bra når vi veit at ved lokalvalet i fjor, så var det om lag 750 som førehandsrøysta. Men då var det også lagt til rette for at studentar og andre i Oslo og Bergen kunne førehandsrøyste på studiestaden. Samla sett er dette eit godt utgangspunktet, meiner Bjørlo.

For første gong på vel 30 år kan Bjørlo invitere veljarane til ei lokal folkerøysting, og ja-ordføraren er spent på korleis "nei-vinden" vil påverke resultatet lokalt i Gloppen og Eid.

– Eg er spent på om stemningsbølgjene slår inn. Eg har vore veldig tydeleg på at dette handlar om Eid og Gloppen. Det handlar ikkje om meir overordna ting enn det, men dette må vere opp til den einskilde veljar å avgjere.

Alfred Bjørlo og Irene Berteig

VENTAR STOR PÅGANG: Leiar i valstyret for Nordfjordeid krins, Irene Berteig og ordførar Alfred Bjørlo registrerte stor pågang ved opninga klokka 10.

Foto: Harald Kolseth / NRK