Sterk vind øydela hyttetak og campingvogn

Ein svært lokal og kraftig vind herja i Lodalen og øydela både ei hytte og to campingvogner.

Hans Kristian Nilsen

NEDTRYKT: Dei voldsomme naturkreftene har røska treet opp med rota. Hytteeigaren Hans Kristian Nilsen seier hytta truleg har blitt skeiv.

Foto: Harald Vartdal

Det er Fjordingen som skriv om naturkreftene som herja i Lodalen i Stryn måndag ettermiddag. Hytteeigar Hans Kristian Nilsen blei overraska då han såg kva vinden hadde gjort.

– To store tre er røska opp og lagt seg over taket. I tillegg til skadane på taket, ser det ut til at hytta har blitt skeiv og at den er nedtrykt nokre centimeter på eine sida. Dørene inne i hytta har vridd seg, fortel han til NRK.no.

Høyrde det dura i fjellet

Sverre Sande som bur i Bødal, seier han fekk eit forvarsel då i 12-tida høyrde det dura i fjella. Seinare på dagen blei det verre.

– I 14:30-tida låg det tre over vegen. Bølgjene på Lovatnet slo opp mot Ramnefjell og kom voldsomt tilbake. Eg har aldri før sett slik fok på vatnet, seier han til Fjordingen.

Hytta til Hans Kristian Nilsen

LA SEG OVER TAKET: To store tre har lagt seg over taket til hytteeigar Hans Kristian Nilsen frå Stryn.

Foto: Harald Vartdal

Må ha mobilkran for å fjerne trea

Hytteeigar Hans Kristian Nilsen seier han enno ikkje har full oversikt over skadane på hytta. Han skal få takstmann og mobilkran på plass i morgon.

– Det er to store grantre som har lagt seg over taket. Det er ei rotvelt som ikkje er sann. Mobilkran er einast måten å få vekk trea på.

Heller ikkje han har opplevd slik vind tidlegare i Lodalen.

– Slik vind har eg ikkje sett makan til her. Vinden har truleg slege ned frå Kjenndalen, inn i fjellveggen og tilbake, seier han.

Campingvogn trilla 100 meter

Også Sissel Tenden og mannen Brynjulf Nesje fekk merka at naturkreftene herja. Campingvogna deira blei ramponert av den kraftige vinden. Det gjorde også ei anna vogn som stod der.

– Vognene stod like ved kvarandre og begge velta. Vår vogn har blitt kasta om lag 100 meter av garde. Det var like før ho gjekk på vatnet, seier Tenden til NRK.no.

Tenden fortel at det bles i Stryn denne dagen, men at vinden i dalen var heilt ekstrem.

– Vi har aldri opplevd noko slikt før. Vi blei ringt opp i 15-tida om det som hadde skjedd. Campingvogna er totalskadd og ved hjelp av traktor og vinsj fekk vi vogna på hjula att, fortel ho.

Campingvogn i Lodalen

TRILLA AVGARDE: Campingvognene velta og den trilla 100 meter av garde.

Foto: Sissel Tenden
Vinden har slege ned frå høgda

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet seier dei kraftige vindkasta i Lodalen måndag kom overraskande. Det var ikkje venta så kraftig vind i indre strok.

– Her må kastevinden vore på 25–30 meter i sekundet. Vi observerte ikkje slik vind av denne styrken i nærleiken av målestasjonane våre, seier han til avisa Fjordingen.

Han seier at for å finne slik vind i prognosane, må ein opp i 3000 meter.

– Vind frå denne høgda må ha slege ned i Lodalen. Årsaka kan vere ein kombinasjon av topografien i dalen, vindretning og kriterium i atmosfæren, seier han.

Campingvogn i Stryn

TOTALSKADD: Campingvogna til Brynjulf Nesje og Sissel Tenden er ikkje lenger brukandes.

Foto: Sissel Tenden
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.