NRK Meny
Normal

Svært lite rype i fjellet - jegerar er uroa

Den seine og kalde våren har gjort livet tøft for rypene i fjellet. Ei fersk teljing av fugl viser ein svært dårleg kyllingproduksjon.

Rype i fjellet

SJELDNARE SYN: Det er svært få ryper i fjellet i Sør-Norge i år. Fleire stader blir det avgrensingar på jakta.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Takseringa i år var nedslåande. I fjor hadde vi stor kyllingproduksjon, men no fann vi i realiteten nesten ingenting, seier Knut Broberg.

Han leia den årlege teljinga av rype på Gaularfjellet i midten av august. No er han ferdig med rapporten, og den er nedslåande for alle som er glade i fjellfuglen:

I eit område på 55 kilometer fann jeger- og fiskarlaget 112 liryper. Det er ein enorm nedgang frå fjorårets tilsvarande tal på 318 ryper.

Talet kyllingar var på 1,66 per vaksne par – det vil seie at bestanden ikkje er stor nok til å reprodusere seg sjølv – men at den går nedover.

Kald og sein vår + kald og fuktig sommar

I rapporten etter takseringa på Gaularfjellet skriv Broberg at det er grunn til alvorleg uro.

– Bestanden er sårbar. Vi sit no att med stamfugl, men har ikkje kyllingproduksjon stor nok til at bestanden reproduserer seg. Om dette held fram, vil det vere negativt for utviklinga, seier Broberg.

Truleg har den kalde og seine våren gjort livet vanskeleg for rypa.

– Grunnane til dei låge tala kan vere mange, men generelt sett må vi rekne med at det skuldast auka predasjon på grunn av kollaps i smågnagarbestandane – og generelt ein kald og fuktig sommar, seier Torgeir Lande i Norges Fjellstyresamband.

Fotografen skulle berre filme dalen. Så dukkar det opp ei rype.

RYPEFLUKT: Fotografen skulle berre filme den flotte dalen – då det dukka opp eit flott syn. Foto: Heidi Lise Bakke

Kan bli tvungne til å leggje bort hagla

Situasjonen er den same for store delar av Sør-Norge, der dårleg tilgang på insekt før klekkinga kan ha vore utslagsgjevande for den labre kyllingproduksjonen.

Fleire stader vil det bli stengt for jakt i haust. Andre stader er det innført avgrensingar.

– Det er ikkje tvil om at vi som jegerar har innverknad på bestanden. Der ein er nede i 1,66 kyllingar per vaksne par, har ein ikkje noko særleg anna val enn å ikkje jakte, seier fylkesleiar Per Norstein i Norges Jeger- og Fiskarlag i Sogn og Fjordane.

Meiner fleire må jakte på rype-fiendane

Norstein oppmodar grunneigarane om å vurdere situasjonen nøye, og ikkje leggje ut for mykje jakt, slik at belastninga ikkje blir for stor.

Jeger- og fiskarforbundet jobbar no med å få auka jakt på smårovvilt. Norstein meiner større uttak av rev og kråke kan hjelpe rypebestanden.

Knut Broberg fryktar låg overleving for rypekyllingane kan gå utover bestanden på sikt.

– Vil du kalle det kritisk?

– Det veit eg ikkje. Men ein må ta vare på det ein har, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast