Hopp til innhold

Nær dobla årsresultat frå i fjor - no sparar dei for framtida

2013 vart eit svært godt år for Sognekraft. Årsresultatet etter skatt var på 65 millionar kroner, noko som er nesten ei dobling frå i fjorårets resultat.

Sognekraft og Terje Bakke Nævdal

GODE TIDER: Sognekraft og administrerande direktør Terje Bakke Nævdal opplevde eit svært godt år i 2013. Men deler av resultatet vert att i selskapet som ei førebuing til trongare tider.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / Sognekraft / NRK

– Det er alltid kjekt å ha gode resultat. Drifta går godt. Vi har hatt ein god produksjon og tilfredsstillande drift på nettet vårt. Til saman har det gitt ein godt effekt, seier administrerande direktør i selskapet, Terje Bakke Nævdal.

Sognekraft er det dominerande kraftselskapet innan ålmenforsyninga i midtre og indre Sogn. Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og indre Sogn som eigarar.

Ikkje berre god drift

Kommunane Vik, Sogndal, Luster, Leikanger og Balestrand eig til saman over 40 prosent av Sognekraft, i tillegg til at Luster Energiverk AS eig 13 prosent. BKK eig resten.

I 2013 kunne eigarane juble: året enda med eit nær dobla driftsresultat på 129 millionar. Årsresultatet etter skatt var på heile 65 millionar.

Men ikkje alt skuldast god drift, fortel Nævdal.

– 2013 var eit nokså spesielt år. Vi har fått inn ein del kompensasjonar etter Dagmar og øydeleggingar på nettet, og så har vi og ein effekt av pensjonsordninga.

– Men likevel har vi eit godt driftsresultat og er nøgde med drifta for fjoråret. Drifta går godt, men i tillegg har vi desse andre faktorar som gav ekstraordinære utslag, seier Nævdal.

Sparar for trongare tider

Rekneskapen for 2011 og 2012 syner årsresultat på høvesvis 44 og 36 millionar. Begge åra tok eigarane ut 34 millionar i utbytte.

Trass eit årsresultat på 65 millionar i 2013, tok eigarane berre ut 42 millionar i utbytte. Det er ein langt lågare del av resultatet enn dei føregåande åra. 23 millionar gjekk til eigenkapital.

– Vi ser på prognosane for kraftprisane framover, og dei er ikkje like lystige som dei har vore tidlegare. Då må vi førebu oss til den situasjonen som kjem, med svært låge kraftprisar, seier Nævdal.

Men han meiner selskapet er solid og rusta for rida som kjem.

– Vi har god kontroll på den situasjonen vi forventar kjem og forventar å kunne handtere den på ein god måte, seier direktøren.

Sognekraft: Resultat 2011-13

 

2011

2012

2013

Driftsresultat

109

66

129

Årsresultat

44

36

65

Utbytte

34

34

42

Utbytte i prosent
av årsresultat

77 %

94 %

65 %

Tala er i millionar og runda til nærmaste heile million.