Hopp til innhold

SV vil ha medierådgjevar

- Ikkje minst etter det som skjedde då ministeren var på besøk, seier Magne Aardal.

Magne Aardal
Foto: NRK

- SV i Sogn og Fjordane treng sin eigen medierådgjevar, meiner leiar Magne Aardal i Jølster SV.

Brukar Solhjell som eksempel

Elevrådsleiaren var sjokkert over møtet med kunnskapsministeren i Førde. Slike hendingar vil SV i Sogn og Fjordane unngå framover. På årsmøtet deira i Balestrand helga kom tidlegare fylkesleiar Magne Aardal med eit konkret forslag frå talarstolen. 

- Korleis media tenkjer er ikkje alltid like lett å forstå, så difor trur eg ein medierådgjevar kunne vore greitt å ha. Ikkje minst sett på bakgrunn av det som skjedde forrige veke, då Bård Vegar Solhjell var på vitjing, sa Aardal i helga.

Behov også i valkampen

SV sleit også i valkampen. Dei gjorde eit dårleg val, og mista representantar. I partileiarutspørjinga hadde Heidi Kathrin Osland vanskar med å forklare skilnaden på private sjukehus og private barnehagar.

I dag meiner fylkesleiaren det hadde vore godt å hatt ein profesjonell rådgjevar i valkampen.