Hopp til innhold

SV vil gje asylamnesti

SV vil gje ikkje returnerbare asylsøkjarar amnesti. – Vi kan ikkje la folk døy i mottaka våre, grunngir partiet.

Yemane Teferi

AMNESTI: SV vil gje enkelte asylsøkjarar med avslag, som til dømes Yemane Teferi, asylamnesti.

Foto: Tim Wassmo / NRK

I dag er det 5285 asylsøkjarar rundt om kring på mottak i landet som har plikt til å forlate Norge. Men for mange er det nærast umogleg å returnere til heimlandet.

SV meiner nokre av dei bør få amnesti, slik som til dømes Yemane Teferi som har budd på mottak i Norge i 24 år.

Vi kan ikkje la asylsøkjarar bu i mottak til dei blir gamle og døyr, meiner stortingsrepresentant Karin Andersen i SV.

– Slik det er no, øydelegg det liva til folk, seier ho.

Har budd på mottak i 24 år

NRK fortalde sist veke historia til 56 år gamle Yemane Teferi frå Eritrea. Han har levd i mottak i 24 år, først ni i Sverige og så 15, til no, i Norge.

Eritrearen opplever at livet hans står på vent, då han kjem frå eit land som ikkje vil ta han tilbake.

– Eg har ingenting å gjere og ingen stader å reise. Iblant kjennast det som om eg sit i husarrest, seier Yemane Teferi.

Etter fleire år på mottak i Jølster i Sogn og Fjordane, bur han no på Bømlo mottak i Sunnhordland. Her får han 1960 kroner å leve for i månaden, og har ikkje lov til å jobbe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karin Andersen, SV

ØYDELEGG LIV: meiner Karin Andersen i SV som meiner noko bør gjerast med dei mange som ikkje kan tvangsreturnerast og blir i Norge i mange, mange år.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Vil endre praksisen

Teferi har altså fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, men det er umogleg for han å reise heim. Heller ikkje styresmaktene greier å tvangsreturnere han.

Slik er det også for fleire andre av dei over 5000 asylsøkjarane som ventar på å reise ut av landet.

SV vil gjere noko for alle desse, og viser til at andre land brukar amnestiordningar i slike tilfelle.

– Eg trur alle som ser denne saka, og som gidd å setje seg inn i det, forstår at dette ikkje er noko folk gjer fordi dei har lyst til det.

– Denne mannen er i ein heilt umogleg situasjonen. Eritrea er eit veldig farleg land som folk flyktar frå, og vi gir dei opphald fordi det er farleg å vere der, seier Karin Andersen som sit på Stortinget for SV.

Varslar knallhard linje

Men i Dagsrevyen sist veke varsla justisminister Anders Anundsen frå Framstegspartiet ei knalltøff linje.

– Dette handlar rett og slett om at du ikkje skal få fordelar av å hindre ein retur. Anten reiser du heim og medverkar til det sjølv, om ikkje blir du tvangsreturnert før eller seinare, sa ministeren.

– Må finne løysingar

Men Karin Andersen i SV viser til at regjeringa sjølv har vedgått at det er vanskeleg å sende asylsøkjarar frå enkelte land ut av landet, trass i at dei har fått avslag.

Norge manglar returavtalar med fleire land og enkelte land er for farlege.

– Vi ønskjer å ha ein asylpolitikk der dei som får avslag skal reise ut av landet så fort som mogleg.

– Men i dei enkeltsakene som viser seg å ikkje kunne løysast på mange år, må vi finne ei menneskeleg løysing, seier SV-politikaren.