NRK Meny
Normal

SV vil endra asylreglar som råkar Abenezer (4)

SOGNDAL (NRK): – UDI-reglane må tilpassast også born med alvorlege lidingar, krev Karin Andersen (SV). Legeforeininga trur alvorleg sjuke born kan bli sendt ut av landet på grunn av mangelfullt regelverk.

Karin Andersen og fire år gamle Abenezer

RÅKAR BORNA: Abenezer (4), fødd og oppvaksen i Norge, har fått påvist alvorleg autisme. No kan han bli kasta ut av Norge. Karin Andersen (SV, t.v.) vil ha svar frå Regjeringa på kravet om nye reglar.

– Dette har vore ein mangel lenge. Det er viktig at òg diagnosar som born blir råka av, står i regelverket og blir teke omsyn til, seier Karin Andersen (SV), andre nestleiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

Tysdag fortalde NRK om Abenezer (4), fødd og oppvaksen i Norge, som har fått påvist alvorleg autisme. Likevel vil Utlendingsnemnda kasta han ut av landet.

Abenezer har store vanskar med å kommunisera med andre, og autismen hans blir skildra som ei alvorleg og langvarig funksjonshemming. Guten vil trengja mykje hjelp lenge, og i Sogndal blir fireåringen følgd opp av psykolog, barnehage og anna helsepersonell, men denne hjelpa kan det altså bli ein slutt på.

Vagt regelverk

Diagnosen autisme er nemleg ikkje å finna i UDI-regelverket som skal seia kor alvorleg ei liding må vera for å få opphaldsløyve.

– Det problematiske er at reglane ikkje fangar opp dei psykiske lidingane til borna, sa barneoverlege Ketil Motzfeldt Klem i Den norsk legeforeining til NRK i går.

Regelverket ramsar opp ei rekkje alvorlege psykiske lidingar for vakse, som schizofreni og paranoid psykose, men der står ingen sjukdommar som råkar born.

– Det eg er kritisk til er at reglane er skrivne ut ifrå vaksne diagnosar, som sjeldan eller aldri blir gitt til born. Difor bør reglane endrast, slik at dei òg er tilpassa dei yngste, sa Klem.

– Feilaktig sendt ut

Klem i Den norske legeforening trur mange born kunne ha fått opphald viss reglane hadde vore klarare.

Regjeringa har ikkje eit konkret svar på kritikken om at born kan bli sendt ut av landet på grunn av uklart regelverk.

– I desse sakene skal omsynet til barnet leggjast vekt på i totalvurderinga, sa statssekretær Fabian Stang (H) i Justisdepartementet i går.

– Ei plikt

I barnehagen i Sogndal leikar Abenezer, ein fireåring som altså oppheld seg ulovleg i Norge: Foreldra seier dei kjem frå Eritrea, men har ikkje identifikasjonspapir og har difor fått endeleg avslag på asylsøknaden.

Sjølv om autismediagnosen til Abenezer hadde stått i regelverket, kunne det likevel ha vore andre omsyn som hadde gitt eit avslag.

Uavhengig av lagnaden til Abenezer meiner Karin Andersen at UDI-regelverket må omfatta også alvorlege diagnosar til barn. Ho kjem til å ta dette opp i eit skriftleg spørsmål til innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp):

– Norge har plikt til å ta omsyn til det som er det beste for borna, og når det ikkje er på plass i regelverket, vil ikkje utlendingsstyresmaktene ta dette naudsynte omsynet.

Listhaug vil ikkje kommentera SV-kravet før han har fått det skriftlege spørsmålet frå Andersen.

Fire år gamle Abenezer bur i Sogndal og har alvorleg autisme. Han kan bli kasta ut av landet grunna det nokon meiner er eit uklart regelverk som ikkje tek hensyn til barn sin tilstand og utvikling.

TV: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.