Hopp til innhold

SV skuffa over nei til sjøkabel

Landsstyremedlem Kristine Kopperud Timberlid i SV seier dei vil ta opp kraftlinjesaka.

Kraftlinje

Fredag vart det klart at regjeringa ikkje vil ha sjøkabel frå Sogn til Møre. Dette reagerer SV på. Illustrasjonsfoto.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi er ikkje nøgde med at dei ikkje vil sjå på linja ein gong til i heilheit, seier Kristine Kopperud Timberlid.

Vert ikkje sjøkabel

Fredag føremiddag halv tolv heldt statsråd Terje Riis Johansen ei pressekonferanse der han sa at det ikkje vert sjøkabel ut Sognefjorden og opp til Møre og Romsdal. Han fortalde også på pressekonferansen at det vert oppstart i anleggsarbeidet med kraftlinje allereie neste sommar.

Timberlid reagerer på dette.

- Ein har framleis ikkje utgreidd saka skikkeleg. Dei seier framleis berre at det vert for dyrt og vanskeleg. Dei ser ikkje på behovet for linja totalt, seier ho.

Skal ta saka opp

Timberlid seier SV hadde venta at det hadde kome ei ny utgreiing i saka slik Hordaland får.

- Kva gjer SV med saka no?

- Vi tek det til som vart sagt i dag til etteretning. Vi får sjå kva vi gjer med det. Men vi skal ha eit møte med våre folk i regjeringa og på stortinget og så får vi sjå kva vi gjer.