Sjå valresultatet for Førde
SV fekk over 20 prosent av røystene i Førde. Det er ei dobling av røystetalet i høve til resultatet for fire år sidan. For Norvall Nøringset vart altså kommunevalet i 2003 ein einaste lang sigersmarsj.
– Eg er audmjuk, sa SV'aren etter at resultatet var klart.
Sveinung Nordtveit var AP sin førstekandidat i Førde.
Dårleg AP-val
Audmjuk er truleg også Sveinung Nordveit som skulle ta over arven etter Aud Viken. Partiet fekk berre vel 15 prosent av røystene. Det er 12 prosentpoeng ned i høve til valet for fire år sidan.
Nordtveit presterte eit politisk sjølvskot då han tidleg i valkampen gjekk ut og kalla knapt 6000 røyster mot elvegata for søppel. Det likte tydeleg nok førdianarane svært dårleg.
Godt Høgre-val
Høgre gjorde også eit godt val og fekk over 19 prosent av røystene. Eva Marie Halvorsen kan truleg likevel sjå langt etter ordførarklubba. Der er Nils Gjerland og Senterpartiet ein sterk utfordrar. Partiet gjekk rett nok litt tilbake. Men i ein konstellasjon med SV, Ap og Sp kan Gjerland vere mannen som er etande for dei to andre partane.