Normal

SV meiner regjeringa sitt ja til Equinor-milliardar gjer Noreg til miljøsinke

Regjeringa sitt ja til ei utviding av levetida til Snorrefeltet i Nordsjøen skapar no politiske bølgjer. SV meiner det er uhøyrt at Equinor si satsing til 19 milliardar ikkje blir handsama i Stortinget.

Snorre Expansion

SNORRE EXPANSION: Utvidinga av Snorrefeltet er i stor grad baserer på undervassinstallasjonar. Målet er å produsere 200 millionar fat ekstra frå feltet og forlenge levetida fram til 2040.

Foto: Snorre Expansion Project illustrasjon / Equinor

– Statsråden køyrer nok ein gong på slik han har sagt han vil gjere, utan omsyn til klima og miljø.

Stortingsrepresentant og miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, er ikkje imponert over at Olje- og energidepartementet godkjende Snorre Expansion Project utan å handsame den i Stortinget.

Torsdag vart prosjektet til 19 mrd. kroner godkjend av Olje- og energidepartementet., utan at dei folkevalde fekk seie si meining.

Prosjektet var først estimert til å koste 22 milliardar kroner, men ved innlevering av endeleg søknad hadde investeringskostnaden kome på 19 milliardar kroner. Det er ein milliard under kravet til at saka må handsamast av Stortinget.

Lars Haltbrekken

SKEPTISK: Lars Haltbrekken (SV) er ikkje tilfreds med at Olje- og energidepartementet ikkje lét Stortinget handsame utbygginga av Snorre Expansion.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Klimamål utan meining

– Lova seier at utbyggingar som har andre samfunnsmessige forhold ved seg må innom Stortinget, seier Haltbrekken og viser til utsleppa som er estimert til 65.000 tonn CO₂ pr. år i auke frå Snorrefeltet.

Haltbrekken reagerer på at regjeringa gang på gang går inn for store auking i utsleppa, samstundes som regjeringa har mål om å sleppe klimautsleppa.

– Det er ein av årsakene til at Noreg er ei klimasinke internasjonalt.

Ein ting Haltbrekken etterlyser er landstraum.

Straum frå gassturbin

Pressetalsmann i Equinor, Eskil Eriksen, er klar på at dei har følgt dei krava som gjeld utgreiingar av slike prosjekt.

– Vi har gjort omfattande undersøkinga om landstraum til dette prosjektet.

I ein rapport gjort av Thema Consulting Group har dei gjort vurdering alternativ for elektrifisering av Snorrefeltet. Her blir det vurdert til å ikkje vere samfunnsøkonomisk forsvarleg å elektrifisere feltet.

Dermed skal dei framleis bruke gassturbinar på Snorre A og Snorre B til å produsere straum til feltet.

FJORD BASE - FLORØ

AKTIVITET: Snorre Expansion vil gje aktivitet fram til 2040 i Florø (bilete) og Stavanger. Lars Haltbrekken (SV) meiner prosjektet er dårleg nytt for klimamålet Noreg har om å redusere klimautsleppa.

Foto: Harald M. Valderhaug

Det er ikkje Haltbrekken glad for. Han ville ha jobba for fleirtal for å krevje landstraum, og dermed kutte i utsleppa av felta.

Equinor viser til at Snorrefeltet vil ha låge CO₂-utslepp.

Berre tilfeldig

Eriksen seier Equinor har jobba hardt for å kutte kostnader i pågåande og nye prosjekt. At investeringskostnaden er så låg at Stortinget ikkje måtte handsame saka er berre tilfeldig.

– Vi har fleire prosjekt vi no kan setje i gong fordi dei er lønsame, seier Eriksen som trur dei skal klare å kome enda lågare i investeringskostnad enn dei 19 mrd. kronene som er estimert.

Statsråden og statssekretæren i Olje- og energidepartementet er på ferie, men i ein e-post til NRK, skriv politisk rådgjevar Christian Haugen i Olje- og energidepartementet at Snorre Expansion fell innanfor fullmakta departementet har til å godkjenne utbyggingar utan å leggje saka fram for Stortinget.

Han viser til at prosjektet vil vere ein god, langsiktig ressursforvaltning, og at den sikrar fellesskapet store verdiar i framtida. I tillegg sikrar den mange norske arbeidsplassar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune