Hopp til innhold

SV meiner Ap kjempar for gruvedrift

SV ville ikkje ha støtta gangvegen i Naustdal om dei visste at gruvedrift skulle leggast til grunn.

Naustdal sentrum mot Blegja
Foto: Ottar Starheim / NRK

Sosialistisk Venstreparti meiner Arbeiderpariet nyttar omstridd planlagd gruvedrift på Engebøfjellet som argument for å bygge gangveg. Hadde dei visst dette då saka vart røysta over i Fylkestinget meiner Norvall Nøringset at dei ville gått mot vedtaket.

Gangveg til 50 millionar

Fleirtalet i Fylkestinget gjekk tysdag inn for å bruke nærmare 50 millionar kroner på gang og sykkelveg frå Naustdal sentrum til Sele. Men Næringset reagerer på at fylkesvaraordførar Tor Bremer frå Arbeiderpartiet nytta den moglege og svært omstridde gruvedrifta på Engebøfjellet som argument. Miljøvernarar fryktar følgjene av store mengder med slam som skal dumpast i fjorden.

- Eg synes Bremer legg altfor masse i den gruvedrifta der. Viss det var forutsetninga for å seie ja til opprusting av vegen, så er eg ikkje sikker på om SV ville lagt sjela si i å bruke så masse pengar på det, seier Nøringset.

Varslar miljøkamp

Nøringset varslar kamp mot den planlagde gruvedrifta som er venta å gi 100 arbeidsplassar.

- Eg trur det blir ein stor kamp miljømessig. Her er aspekt som vil påverke andre kommunar, Naustdal, Førde og heile Førdefjorden

Bremer føler seg misforstått

Fylkesvaraordførar Tor Bremer meiner det heile er ei misforståing.

- Eg trur han har misoppfatta meg litt. Det er nok rett at eg sannsynligvis sa det i ei bisetning. Men hovduargumentet var naturlegvis ikkje gruvedrift på Engebøfjellet. Hovudurgamunetet var å løyse ut bustadfeltet.