NRK Meny
Normal

SV-Johnsen vil lenke seg fast mot fjorddeponi

HOVEN (NRK): Vibeke Johnsen (SV) vil personleg lenke seg fast for å stogge det vedtekne fjorddeponiet i Førdefjorden.

Vibeke Johnsen og Erlend Blaalid Oldeide

PÅ HOVEN I LOEN: Tysdag var det SV sin toppkandidat, Vibeke Johnsen, sin tur til å bli utspurt av NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Val

Det sa ho då det var SV sin toppkandidat sin tur til å bli utspurt i NRK Sogn og Fjordane tysdag. Utspørjinga skjedde på toppen av Hoven over Loen i Stryn.

Lenke seg

Utspørjar Erlend Blaalid Oldeide dreia utspørjinga inn på miljø og minna SV sin toppkandidat om at den viktigaste saka for SV ved førre stortingsval, var kampen mot fjorddeponiet i Naustdal.

– Den saka er no tapt. Deponiet er vedteke. Men SV vil forby fjorddeponi. Vil de ha omkamp?

Det stadfesta Johnsen.

– Det er framleis veldig tidleg i prosessen. Det er mogleg å stogge planane. Vi meiner mineralutvinninga ikkje er avhengig av fjelldeponi. Det er for store konsekvensar for livet i fjorden å ikkje ta føre var-prinsippet på alvor, svara Johnsen.

Og klinka til:

– Eg kan lenke meg fast for den saka. Eg har ikkje gjort det hittil. Men eg har besøkt aksjonistane, og eg har støtta dei, sa Johnsen.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

SJÅ UTSPØRJINGA HER: Vibeke Johnsen (SV) i utspørjing med programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Krev landstraum

Utspørjinga føregjekk 1000 meter over fjorden, med utsikt til cruisehamnene i Loen og Olden. I Olden låg eit cruiseskip. Desse sa Johnsen at SV vil setje krav til.

– Turistane kjem hit på grunn av rein natur. Då må cruisenæringa vere med og bidra til det. SV vil at cruisehamnene skal få landstraum – og at det må skje innan tre år.

– Er du klar over kor store investeringar som må til for at hamner og skip skal ha landstraum?

– Eg er også klar over kor store konsekvensar det får viss vi ikkje klarer å få bukt med lokal forureining og klimautslepp. SV stiller krav om at det skal skje innan tre år. Så kan det ta litt meir tid enn det. Men vi er nøydd til å ha tøffe krav for å få med oss fleire, sa Johnsen.

Vibeke Johnsen og Erlend Blaalid Oldeide

1000 METER OVER HAVET: Under utspørjinga hadde SV-politikaren god utsikt til fjorden. Ho vil setje krav til cruiseskipsnæringa.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Trur på valet

Johnsen seier SV vil ta vekk kontantstøtta, men auke barnetrygda og snu den meir mot fattige barnefamiliar.

Paritet vil også fjerne fritt skuleval for vidaregåande elevar.

– SV ønsker ein desentralisert skulestruktur. Val av skule innanfor fylket bør vere nok, sa Johnsen.

SV er også mot at private skal drive barnehagar, og ønsker å reverse regionreforma som slår saman Sogn og Fjordane med Hordaland.

Førre stortingsval vart det dårlegaste for SV i Sogn og Fjordane sidan 1977. Vibeke Johnsen trur det blir betre 11. september.

– Fleire meiningsmålingar peikar oppover for oss. Dei lokale målingane følger landstrendane, det er kjekt å vere SVar og eg treff mange trivelege folk ute på stand.