Hopp til innhold

SV hardt ut mot den blå regjeringa

Den blåblå regjeringa fekk kraftig kritikk under SV sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane i helga. Høgre og Framstegspartiet blir skulda for å drive med ein politikk som er kvinneundertrykkjande.

sexkjøp

VIL HA LOVA: SV vil behalde lova som forbyr kjøp av sex.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

– Det er vi som må fortelje Høgre, Framstegspartiet og KrF at dette er 50-talspolitikk, som vi faktisk ikkje kan finne oss i.

Slik langa tidlegare statsråd Heidi Grande Røys ut mot den blå regjeringa frå talarstolen på Sandane i helga.

Der var SV-arar frå Sogn og Fjordane samla til fylkesårsmøte. Og etter berre månader med ei ny regjering kjenner SV seg kraftig provosert av det dei meiner er feilslått likestillingspolitikk.

Vil fjerne sexkjøpslova

Bortfall av sexkjøpslova, legar sin reservasjonsrett i samband med abort og utvida kontantstøtte var noko av det SV-arane var provosert over.

Det er spesielt Høgre og Frp-regjeringa sitt signal om at dei vil kvitte seg med sexkjøpslova som provoserer SV-politikarane.

Lova vart innført av den raudgrøne regjeringa i 2009, og førte til at sal av sex er lov, medan kjøp av sex er forbode.

Lova vart innført av den raudgrøne regjeringa i 2009 og førte til at sal av sex er tillate, mens kjøp av sex er forbode. Høgre og Frp er samde om at lova skal opp til evaluering, og det skal leggast fram ei stortingsmelding på bakgrunn av denne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vibeke Johnsen

SEX ER IKKJE EI VARE: Seier Vibeke Johnsen i SV som vil behalde sexkjøpslova.

Foto: SV

– Sex er ikkje ei vare

Nyvalt fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, utfordra like godt stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre.

– Eg trur ikkje Høgre-veljarane i Sogn og Fjordane stemte fram Bjørn Lødemel på Stortinget fordi han skulle stemme ned sexkjøpslova.

– Vi har eit forbod mot sal av sex i Norge, og det gir ein klar beskjed om at sex ikkje er ei vare, og at damer sin kropp ikkje er til sals.

– Eg utfordrar Bjørn Lødemel til å vere med på å kjempe for at vi framleis skal ha denne lova, seier Johnsen.

Har ikkje bestemt seg

Bjørn Lødemel viser på si side til at regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på sexkjøpslova. Høgre-politikaren har så langt ikkje har bestemt seg for kva han skal meine om saka.

– Sjølv om Høgre i utgangspunktet ønskte å oppheve forbodet, så kjem det no ei evaluering. Det betyr at Stortinget får ta stilling til om ein skal oppheve forbodet mot kjøp av sex.

– Kva meiner du personleg?

– Eg synest det er fornuftig med ei evaluering, då vil eg også sjå på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.

– Så du har ikkje konkludert i denne saka?

– Vi følgjer dei retningslinjene som kjem, og eg meiner det er fornuftig med ei evaluering. Eg trur også SV bør følgje med på diskusjonen som er i Stortinget, i staden for å angripe Høgre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel

UTVAL: Bjørn Lødemel viser til at det er sett ned eit utval for å sjå på sexkjøpslova.

Foto: Alf Vidar Snæland

Djupt fortvila over regjeringa

Sentralstyremedlem i SV, Ingrid Fiskå, som var gjest på fylkesårsmøtet, gav uttrykk for at ho mildt sagt er fortvila over regjeringa sin likestillingspolitikk.

– Allereie etter dei første 100 dagane synest eg vi ser biletet av ei regjering som har sett i gang eit storstilt angrep på kvinner. Summen av alle sakene gjer dette alvorleg, seier ho og ramsar opp:

– Reservasjonsrett for legar i abortspørsmålet, meir kontantstøtte, færre arbeidsplassar og ei mogleg reversering av sexkjøpslova.

– Det er dei som er umoderne

Bjørn Lødemel avviser kritikken frå Fiskå og SV på denne måten.

– Eg må seie eg trur dei har teke litt for mykje Møllers tran. Det er eit veldig angrep mot Høgre, men SV har vel eit behov for å markere seg.

– Vi fører den politikken som vi har gått til val på, og den politikken som veljarane har stemt for at Høgre skal gjennomføre. Eg har difor veldig god samvit for den politikken som blir ført av Høgre i regjering.

– Dette vil føre til at kvinner kjem tilbake til oppvaskbenken fryktar SV, har dei ikkje rett?

– Det er berre tull. Det er dei som er umoderne. Eg trur den politikken som blir ført no, vil tene også kvinnene, seier Lødemel.

Heidi Grande Røys og Ingrid Fiskå

PROVOSERT: Heidi Grande Røys og Ingrid Fiskå er begge provoserte over det dei meiner er feilslått likestillingspolitikk frå regjeringa.

Foto: Bård Siem / NRK