Hopp til innhold

Får ikkje støtte for at gruvevedtaket er ugyldig

SV meiner vedtaket om gruvedrift i Vevring er ugyldig fordi det ikkje vart utført lovlegkontroll. Men jussprofessor Jan Fridthjof Bernt tvilar på om partiet vinn fram.

Ole Erik Thingnes

UGYLDIG: Tilhengarane av gruvedrift trur på vekst og arbeidsplassar, men motstandarane, blant dei Ole Erik Thingnes og SV, fryktar for livet i Førdefjorden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Sett utanfrå ser det ut til at det er lite sannsynleg at dette er ein feil som kan ha hatt betydning for den vidare saksgangen, seier Bernt.

I 2011 kravde fire kommunestyremedlemmer i Naustdal lovlegkontroll av kommunale vedtak i Engebø-saka. Fylkesmannen avviste eitt av krava fordi det fell utanfor området for lovlegkontroll, konkluderte med at to vedtak ikkje var ugyldige, og sende eit fjerde over til Miljøverndepartementet.

– Bom stopp

No meiner SV å kunne slå fast at departementet aldri har gjennomført denne lovlegkontrollen. Dermed meiner dei at vedtaket i regjeringa i april i år om å gje utsleppsløyve er ugyldig og at saka må opp til ny handsaming.

– Det er ei stor side av saka som ikkje er vurdert. Det er ikkje vurdert om det er fatta lovleg vedtak. Viss dei kjem fram til at vedtaket ikkje var lovleg fatta, er saka bom stopp, seier Ole Erik Thingnes i Naustdal SV.

Gruveprotest

MOTSTAND: Mange stader i landet har motstandarar mobilisert, som her då over 500 møtte opp på Torgalmenningen i Bergen tidlegare i år.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Lite sannsynleg med støtte til SV

Men jusprofessor ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, trur ikkje på nokon bom stopp på dette grunnlaget.

Jan Fridthjof Bernt

PROFESSOR: Jan Fridthjof Bernt.

Foto: Ketil Jordan / NRK

– Forholda som vart påpeika i saka er vel forhold som kom fram i ettertid. Viss det var slik at kommunestyret, då dei fekk høyre det dei ikkje visste, sa «heisann, dette visste vi ikkje», kunne dei jo kva tid som helst gått inn og gjort eit nytt vedtak, og gitt uttrykk for at dei no vurderte saka annleis, seier han.

Men Thingnes avviser at kommunstyret hadde tid.

– Vi hadde eit tidspress på oss for å gjere vedtak eller avvise heile saka. Grunnen til at vi hadde dårleg tid er at fiskeridirektoratet hadde reist motsegn. Vi hadde ein 12-vekers frist på å avgjere om vi ville følgje motsegna. Vi hadde ein dag att av fristen då vedtaket vart gjort og hadde ikkje tid til eit nytt, seier SV-politikaren.

Ordføraren ikkje redd for stopp

Nordic Mining har fått regjeringa sitt ja til å utvinne 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet i Vevring dei neste 50-åra, og dumpe gruveavfallet i Førdefjorden. Tilhengarar jublar over vekst og arbeidsplassar, motstandarar fortvilar på vegner av miljøet og livet i fjorden.

Håkon Myrvang og Helge Robert Midtbø

GRATULERER: Håkon Myrvang (t.h.) og partikollega Helge Robert Midtø på valnatta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein av tilhengarane er Arbeidarparti-ordførar Håkon Myrvang, som har kjempa ein hard kamp for gruveprosjektet. Han er ikkje redd SV skal få medhald i klagen partiet no har sendt til Kommunal- og regionaldepartementet.

– Nei, det har eg ikkje noko tru på.

– Kvifor ikkje?

– Det har nok vore med i departementet si behandling av reguleringsplanar, slik at lovlegkontrollen er vurdert i deira behandling, seier Myrvang.