Hopp til innhold

Suveren Bø tok NM-gull

Stryningen Tarjei Bø gjekk inn til ein 1. plass under skiskyting-NM i Trondheim.

Tarjei Bø

NM-GULL: Tarjei Bø var suveren på dagens 20 kilometer under NM i Trondheim.

Foto: Nyhetsspiller

Bø skaut to bom på dei fire skytingane. Dagens 20 kilometer er første øving på programmet under norgesmeisterskapen.

Stryningen gjekk i mål 1.45.8 minutt føre Dag Erik Kokkin som blei nummer to.

Verken Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen starta på dagens løp. Rune Brattsveen vart nummer tre og Lars Berger nummer fem.

Veslebror bomma, men gjekk fort

Veslebror Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein 16. plass. Han var over fem minutt bak broren i mål etter å ha bomma sju gonger. Men han gjekk veldig sterkt i sporet. Berre broren Tarjei og Lars Berger var nokre få sekund raskare, Tarjei 12 og Berger 10 sekund. Johannes slo til dømes Rune Brattsveen med 1.21.5 i rein langrennstid. Ein god løpar som Frode Andresen var 30 sekund bak veslebror Bø.

Jarle Midthjell Gjørven, også han frå Markane IL, kom på 31. plass. Førdianaren Håvard Gutubø Bogetveit enda på 40. plass og Ronny Hafsås frå Stårheim IL tok 57. plassen.

Fredag er det 10 km sprint som står på programmet for herrene.