Suste ned fjellsida på fire minutt

Øyvind Vagstad frå Syril Telemark vann torsdag fjelltelemarkrennet Nakkjen Ned.

Mathias Hagen og Tormod Fjellvang

Mathias Hagen og Tormod Fjellvang på veg mot mål. Fjellvang vann klassen for snowboard.

Foto: Thorolf Aarøen

Øyvind Vagstad

Øyvind Vagstad fekk den beste tida av alle som stilte til start.

Foto: Thorolf Aarøen
Henning Heimlid og Svein Rune Fjerdingren

Henning Heimlid vart nummer to og Svein Rune Fjerdingren vart nummer ein klassen for Telemark G17-40.

Foto: Thorolf Aarøen

Vagstad stilte på i klassen for telemark i G13-16. Han vann med tida 04:05:02. Nest beste tid av alle som deltok fekk Svein Rune Fjerdingen med 04:09.39.

Isak Bergset vann klassen for randone med tida 04:10.26. Beste kvinne i telemarksklassen vart Marianne Roset med tida 05:26.27.

I klassen for snowboard vart det sigrar til Tormod Fjellvang og Kristi Bergset.

– Det vart gode tider i år, seier rennleiar Oddvin Myklebust i Veten idrettslag.

To timar opp - fire minutt ned

Nakkjen Ned går frå toppen av Bergsetnakkjen som ligg 1133 meter over havet. For komme seg opp dit må deltakarane gå opp frå Nordfjord Fritidssenter som ligg på 550 meter.

Det tek halvannen til to timar å komme seg opp dit, før dei susar ned att på snowboard, telemarkski eller randoneski.

Totalt stilte 37 til start i hovudrennet og omlag 22 deltok i MiniNakkjen Ned.

– Vi er nøgde med talet på deltakarar, det er som åra før. Men vi hadde kanskje trudd det hadde kome litt fleire sidan mykje har blitt avlyst i det siste på grunn av snømangel.

Han fortel at det var mange kjente ansikt, men at det også var nokre nye frå andre klubbar.

– Eit showrenn

Nakkjen Ned er eigentleg eit fjelltelemarkrenn der det blir brukt laus hæl. Men Myklebust fortel at det er opna opp for fleire klassar som snowboard og randone-ski.

– Dette er eit showrenn og vi ønskjer at flest mogleg skal delta. Viss ein ser på resultatlista, så ser vi at dei på snowboard nesten klarte å matche tidenen til dei på ski.

Frå fem til 65

Det var folk i alle aldrar som deltok i rennet skjærtorsdag. Dei yngste var omlag fem år og den eldste var over 65.

På grunn av lite snø i fjellet måtte dei leite seg fram til ein trasé, og dei slapp å flytte på snø for å få nok.

- I skogen brukte vi ein del stølsvegar, men det var ikkje heilt enkelt å få til ei løype i år.