NRK Meny
Normal

Susa over brua med promille og passasjerar

Med alkohol i blodet og passasjerar i bilen, råkøyrde nordfjordingen over Måløybrua. No må han i fengsel.

Måløybrua

KRYSSA: Politiet og Fjordane tingrett fann mange straffeskjerpande omstende med nordfjordingen sin køyretur over Måløybrua i mars i år.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Det var etter ei fuktig natt i mars i år at den unge nordfjordingen sette seg bak rattet i Vågsøy.

Køyreturen fann stad i 03-tida. Blodprøve teken av han nær to timar etter køyreturen viste ein promille på 1,4.

Mannen la alle korta på bordet, noko som letta etterforskingsarbeidet for politiet. Han samtykka også til at saka kunne gå som tilståingsdom i Fjordane tingrett.

Dei vanlege reaksjonane ved køyring i rusa tilstand av ein slik karakter er bot og fengsel på vilkår. Men det var moment ved køyreturen som gjorde at han likevel må 25 dagar i fengsel.

For det første hadde mannen fleire passasjerar i bilen. For det andre antyda vitne ein fart på 120 km/t over Måløybrua.

Av omsyn til mannen si inntekt vart bota sett til han 8.000 kroner. Han må også klare seg to år og seks månader utan førarkort. Då må han til gjengjeld gjennomføre ny full førarprøve.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.