Hopp til innhold

Susa gjennom 60-sone i 96 km/t

Ein sjåfør må ta beina fatt etter at vedkommande vart målt til 96 km/t i ei 60-sone på fylkesveg 60 i Olden tidlegare i dag. Utrykkingspolitiet skreiv i tillegg ut fire forenkla førelegg for høg fart, der høgste målte fart av desse var 75 km/t. I tillegg vart det skrive ut eit gebyr for manglande bruk av hjelm.