Surt tap for Sogndal

SOGNDAL (NRK): Martin Ramsland og Sogndal greidde ikkje å omsetja sjansane i 1. omgang, og blei hardt straffa av Haugesund sin superreserve.

Martin Ramsland

TAPTE TRE VIKTIGE POENG: Martin Ramsland jakta intenst utlikning, men tapte den viktige heimekampen mot Haugesund.

Foto: Christian Blom / Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Dei 2589 tilskodarane på Fosshaugane Campus fekk forhåpningar frå fyrste takling. Sogndal gjekk inn i kampen mot Haugesund med ein respektlaus innstilling.

Etter å ha vore farleg frampå fleire gonger kom den fyrste verkeleg store sjansen for vertane i det 13. minuttet:

Eirik Schulze vann ein duell, ballen blei redda før spissmakker Martin Ramsland skaut returen via ein Haugesund-spelar til corner.

Sogndal held grepet om kampen, og etter 29 minuttar fekk sogningane ein gigantsjanse:

Gilbert Koomson vann ballen høgt i bana og sette fart inn i målfeltet til Haugesund. Han sentra til Eirik Skaasheim som skaut via målmannen til corner. Nesten for heimelaget.

Haugesund kom betre med utover i omgangen. Og då dei to laga gjekk i garderoben etter ein mållaus fyrste omgang, sat mange i publikum med ei kjensle av at dette kunne vippa begge vegar i andre omgang.

Skåra på fyrste spark på ballen

Dei siste 45 minutta byrja nervøst. Spelet bølgja fram og tilbake, men etter kvart tok gjestene over styringa på kampen.

I det 59. minuttet mista Sogndal-stoppar Kjetil Wæhler ballen djupt i bana, og Haugesund braut. Haugesund-gutane stod nærast i kø for å skåra, men alt dei fekk var ein corner.

Det var ein forsmak på kva som skulle koma.

Midtveges i omgangen blei Frederik Gytkjær bytta inn på Haugesund, og på sitt fyrste spark på ballen, skåra dansken. 1–0 til Haugesund.

Sogndal jakta intenst utlikning, men makta ikkje å bryta gjennom forsvarsmuren til Haugesund. Dermed blei det tap i Even Hovland sin fyrste kamp for Sogndal etter at landslagsstopparen signerte for sogningane tidlegare i veka.

Laster innhold, vennligst vent..