Hopp til innhold

Surt og kaldt på Skåla halvvegs opp

Motbakkeløpet Skåla Opp gjekk i år berre opp til Skålavatnet, og mange valde å stå over i ruskevêret. Arrangøren er likevel strålande fornøgd.

Annie Bersagel i målgang på skåla opp

BESTE DAME: Annie Bergsal kom på førsteplass av damene, ho trur den avkorta løypa var ein fordel for ho

Foto: Erik Brendefur

– Vi hadde til saman om lag 1300 deltakarar, og det er jo kjempeflott når vêret er så dårleg, seier dagleg leiar i Loen Active Erik Brendefur.

Det har vore store mengder snø på toppen av Skåla dei siste dagane, og også i dag fekk arrangøren meldingar om at det var isete og litt snø oppover fjellet. Brendefur trur folk hadde vorte skada om løpet hadde gått heilt til toppen.

Les også: Skåla Opp blir halvparten så krevjande

– Det hadde faktisk ikkje gått an å springe heilt til toppen i dag, det hadde vore galskap. Det trur eg alle deltakarane er samde i, så vi har ikkje fått nokre negative reaksjonar på at løpet vart flytta ned.

Snø i skaret på veg mot Skålatårnet.

MYKJE SNØ: det var mykje snø på Skåla, dette bilete er frå to dagar sidan. Det var uaktuelt å ha løpet opp på toppen, seier arrangøren

Foto: Christian Prestegård

Vinnar frå USA

Annie Bersagel var beste kvinne med ei tid på 50:04. Ho kjem opphavleg frå USA, men bur no i Oslo, og trur den avkorta løypa var ein fordel for ho.

Annie etter endt løp

NØGD: Annie Bergsal hadde ikkje venta å vinne, og var godt nøgd

Foto: privat

– Eg spring mest maraton og den type løp, så det var nok ein fordel for meg at løpet ikkje gjekk opp på fjellet. Skåla Opp trekker til segrnasjonale deltakarar kvart år, så konkurransen er på eit veldig høgt nivå, men med årets løype gjekk det i min favør.

Beste lokale på femteplass

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster var den beste lokale løparen, med ein femteplass på damesida. Ho har vore skada dei siste vekene, og var difor veldig nøgd med plasseringa si.

– Eg kjente det i leggane heile tida eg sprang, for eg er framleis skada, men det var verdt det. Det var veldig kjekt å springe igjen, men eg kjem nok til å kjenne det veldig i føtene i morgon, seier Dvergsdal.

Stian Vik i målgang på skåla

VINNAR i MÅL: her kjem vinnaren Stian Angermund-Vik i mål med tida 41:27

Foto: Erik Brendefur

Dvergsdal hadde ingenting imot styggevêret, men tykkjer tvert om at det er kjekt å springe når det høljar ned.

– Eg likar å springe i regnet, det er herleg! Så var det kanskje litt vel surt i dag, men du tenkjer eigentleg ikkje noko over det når du har byrja å springe, fortel jølstringen.

Den beste tida totalt sett var det Stian Angermund-Vik som hadde med 41.27.