Hopp til innhold

Supportarkrigen i industribygda i Sogn når stadig nye lengder - kjempar om centimeter

Den noko muntre krangelen mellom ulike supportarklubbar for engelsk fotball når stadig nye lengder i Årdal.

Ein fotballstrid deler Årdal i to. Eller rettar sagt stadion til Årdal Fotballklubb i to. Det heile begynte med eit reklameskilt..

MERSEYSIDE I ÅRDAL: Ole Vidar Øren fekk hengt opp Liverpool-skilt på Årdal FK sin stadion.

Denne veka kunne Sogn Avis fortelje at Leeds-supportarane no har fått hengt opp eit reklameskilt på stadion i Øvre Årdal. Dette i rein tevling mot Liverpool-gjengen som nyleg fekk sitt skilt på plass.

Men så har det seg altså slik at skiltet til Leeds-supportarane er seks centimeter lenger enn Liverpool-skiltet!

Godt nøgd med lenger skilt

– Eg blei jo overraska då eg såg at at Liverpool-skiltet hadde kome. Dei har jo mange tilhengarar her i Årdal. Då bestemte eg meg med ein gong at her må det opp eit Leeds-skilt eigentleg. Så eg var ikkje sein om å starte ei kronerulling og ringe vener og kjende, fortel Terje Solheim.

Som fast speaker under heimekampane til 3. divisjonslaget Årdal FK og ihuga Leeds-supporter var han særs nøgd med at dei hadde klart å få til eit skilt som var nokre få centimeter lenger.

Heldt kjeft om ideen

Det var styremedlem i Årdal FK, Ole Vidar Øren, som fekk ideen om at Liverpool-supportarane skulle kjøpe reklameplass for å støtte det lokale fotballaget.

– Det starta jo kort og godt med eit spørsmål om kva vi gjer for å bidra til inntekter. Eg diskuterte det ikkje med så mange, for eg visste jo at det ville vere litt skepsis. Men eg bestemte meg for at dette skulle gjennomførast, gliser Øren.

Får det att på fakturaen

At Leeds-gjengen no har fått på plass eit skilt som er nokre centimeter lenger betyr ikkje noko, hevdar Øren og forventar å bli trudd.

– Tradisjonelt snakkar vi ikkje kom centimeter for å slå Leeds, det går som regel i kilometer og mil. Men at dei prøver seg med eit stunt på eit skilt som er seks centimeter lenger enn vårt, det har ingen betydning for meg. Men det skal sjølvsagt bli reflektert i fakturaen som Leeds-klanen får frå Årdal fotball, ler Øren.