NRK Meny
Normal

Ruskevêr ute i havet gjer at dei søkjer ly i Florø

Rundt Fjord Base i Florø ligg det no eit dusin oljeforsyningsskip, dei fleste er der fordi det bles godt ute i Nordsjøen.

Supplybåtar ved Fjord Base

SØKJER LY I FLORØ: Fem av supplybåtane som har trekt inn i smulare farvatn ved Fjord Base.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Marknadskoordinator Roald Leivestad i INC-gruppen stadfestar at det er vêret som gjer at det er tett mellom skipa rundt Fjord Base.

– Vi har stor trafikk av skip som skal laste, men i tillegg er det mange som kjem inn frå Nordsjøen. Der er det ikkje lasting og lossing når det er over ei viss bølgjehøgd, og då kan dei like godt søkje inn i smulare farvatn.

Lyn over Førde

KRAFTIG TOREVÊR: Det lynte godt over Førde i 14-tida.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Våt frå topp til tå

Over det meste av Sogn og Fjordane har det regna godt i byene, det har og vore kraftig torevêr.

For dei som har arbeidsplassen ute har det vore ein våt og vindfull dag. Snikkar John-Eirik Greidung har stått på eit stillas i Stryn. Han er glad det snart er helg.

– Ein blir jo våt frå topp til tå sjølv om ein har regnkle på. Når det bles som det har gjort til tider trengjer regnet inn uansett.

(Saka held fram under videoen)

For dei som har arbeidsplassen ute har det vore ein våt og vindfull dag. Snikkar John-Eirik Greidung har stått på eit stillas i Stryn. Han er glad det snart er helg.

RUSKEVÊR: For snikkar John-Eirik Greidung har det vore ein våt dag.

Meteorologisk Institutt har sendt ut flaumvarsel. Vassføringa kan auke kjapt i mange mindre elvar og bekkar, og tettbygde strok er særleg utsette.

Det er og sendt ut varsel om fare for jordskred.

På fjellet har uvêret ført til at fjellvegen Aurland-Lærdal er stengd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.