Hopp til innhold

Supertal frå Sognefjorden

Dataverksemda Highsoft i Vik er ei av dei mest lønsame verksemdene i heile landet.

Dei tilsette i Higsoft i Vik

SUKSESSEN FRÅ VIK: Blant kundane til Higsoftteamet frå Vik finn store namn som NASA, IBM og BBC.

Foto: Pressefoto

– Noko må vi ha gjort rett, seier administrerande direktør Grethe Hjetland til Finansavisen/Hegnar.no som tysdag skriv om sogneverksemda.

IT-selskapet i Vik sel program som gjer det mogleg å lage grafar og diagram for publisering på nettet.

– Vi veit at dei som legg ut blogginnlegg, eller skal lage ei historie på internett, dei vil gjerne bruke tekst og bilete, men langt fleire vil etter kvart også bruke diagram. Det kan vere ei forklaring på den eventyrlege veksten vi opplever, seier Hjetland til NRK.

Store overskot

I fjor auka både omsetnaden og resultata med 30 prosent. Totalt selde verksemda lisensar for over 40 millionar kroner får kontora sine i Vik. Kostnadane har auka noko men resultata er bortimot fantastiske skriv Finansavisen. Før skatt sat eigarane igjen med 29,7 millionar kroner.

– Det er veldig kjekt at vi får omtale i Finansavisen. Vi er veldig stolte over det resultatet som vi i heile Higsoftteamet har fått til. Vi har eit godt produkt, nøgde kundar og då blir det også gode resultat.

Grethe Hjetland og Torstein Hønsi

HAR KUNDAR OVER HEILE VERDA: Administrerande direktør Grethe Hjetland og hovudeigar Torstein Hønsi

Foto: Pressefoto

Har verdas største selskap som kundar

På kundelista til Highsoft kan du finne over 60 av selskap på Fortune top 100-lista, blant anna IBM, NASA, Siemens, BBC og Financial Times for å nemne nokre.

– Vi er stole over å ha dei på lista vår, og ser du på heimesida vår så finn du og logoar frå andre kjente, men kanskje ikkje så store selskap. Det gir oss eit spenn som vi tykkjer er fasinerande å jobbe med.