Hopp til innhold

Huset må pussast opp og tomta drenerast. Prislapp: 3,8 millionar

Bustadmarknaden i Sogndal er heitare enn nokon sinne. Ein kjøpar betalte 3,8 millionar for eit gamalt hus i Sogndalsfjøra med grunnflate på 60 kvadrat og stort behov for oppgradering.

Fjøra Sogndal

SVÆRT DYRT: Det vesle kvite huset til venstre i biletet, og den grøne sjøbua, vart for nokre dagar sidan seld for 3,8 millionar kroner.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I tillegg fekk kjøparen med eit båthus som i grunnflate er større enn bustadhuset.

Der er det lagt inn vatn og kloakk, men etter det NRK har grunn til å tru har ikkje kommunen godkjend sjøhuset for overnatting eller utleige.

Eit av få fjørehus

– Det huset der var jo eit heilt spesielt objekt som ligg nede ved sjøen, der det og er innreia våtrom i det tilhøyrande sjøhuset. Slike hus er det veldig få av, så utsiktene framover vil eg seie er at det framleis vil vere dyrt og attraktivt å bu sentralt. Eg ser ikkje nokon endring i dei tidene som kjem no.

Det seier leiar for Sogn og Fjordane eigedomsmekling AS i Sogndal, Jan Arild Rømmen.

Det var hans meklarar som fekk inn vinnarbodet på huset i Fjøregeili, og som og stadig set nye prisrekordar i sentrumsområdet i Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordlinje Sogndal

SVINEDYRT: Toppleiligheita i dette nye bustadkomplekset er lagt ut med ein pristantydning på 5,95 milllionar kroner.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I går vart det kjend i Sogn Avis at toppleiligheita i det nye bustadkomplekset Sjøkanten no er lagt ut med prisantydning på 5,95 millionar. Det inneber ein kvadratmeterpris på 48.000 kroner!

– No er det veldig få slike toppleiligheter. Der er to, tre kanskje fire som kan samanliknast med denne, og kjøpargruppa er sjølvsagt redusert. Men vi har alt hatt førespurnader frå folk på denne leiligheten, seier Rømmen til NRK.

Trur på prisrekord

Han innser at det ikkje er mange sogningar som kan leggje nær seks millionar på bordet for ei blokkleilighet. Men han er optimist med tanke på eit snarleg sal.

– Vi har førebels ikkje fått nokon bud, men eg ser ikkje vekk frå at den kan selgjast på det nivået. Det får berre tida vise.

Det har lenge vore et sterkt press på bustadmarknaden i Sogndal, og mange studentar er misnøgde med at mange må betale over 5000 kroner i månaden for ein hybel. Nyleg vart det selt eit hus rett nedanfor Stedje kyrkje for kring tre millionar. Prisantydningen var 1,6 millionar, og no skal huset bli hybelhus for studentar.

Dyrast i Sogndal

Men det å kjøpe leiligheit fell langt dyrare for dei fleste, i alle fall i sentrumsområdet. Rømmen meiner at Sogndal sentrum framleis er den dyraste plassen å bu her i fylket.

Jan Arild Rømmen

ADVOKAT: Eigedomsmeklar Jan Arild Rømmen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har jo gode kolleger i Førde, Florø og Stryn, men eg har inntrykk av at dei høgste prisane framleis er her i Sogndal. Men vi har og sett døme på dyrt og sentralt i Førde til dømes. Vi konsentrerer oss om marknaden her inne, og har meir enn nok å jobbe med her, sler Rømmen fast.

Billeg å låne

I tillegg til eit naturleg press på sentrumsområda i Sogndal på grunn av mange studentar og unge etablerarar, meiner Rømmen at prisveksten skuldast gunstige vilkår i marknaden.

– Det er billeg å låne, lånerenta er låg og skattereglane er høvesvis gunstige for bustader. Det og bidreg til at mange kan låne , som kanskje ikkje kunne låne før , eller kunne låne mindre før. Konjunkturane er gode, og det og bidreg til optimisme og at folk vågar å satse i bustadmarknaden, påpeikar Rømmen.