NRK Meny
Normal

Superinnbytar berga poeng – Sogndal kan framleis klare kvalikplassen

STABÆK- SOGNDAL: 1-1: Uttrykket håp i hengande snøre har sjeldan passa betre enn for Sogndal i kveld. Takka vere venstrefoten til ein ung bergensar får laget ein siste sjanse til å berge kvalikplassen.

Joachim Soltvedt etter skåringa som gav Sogndal 1-1 mot Stabæk

MÅLSKÅRAR: 22 år gamle Soltvedt kom frå Åsane i sommar og hadde før kampen i dag berre spelt fire kampar for Sogndal. I sitt 125 speleminutt noterte bergensaren seg for sitt første spelemål i eliteserien.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Dette betyr veldig mykje. No får vi heimekamp mot Vålerenga, så no er det opp til oss, seier målskårar Joachim Soltvedt.

For med poengdeling i Bærum får Sogndal ein ny sjanse.

– Det vart slik vi håpa på. No kan vi avgjere dette i siste runde. Målet i dag var å ta med seg noko heim, men det var nære på at vi tapte, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Dyngeland med superredning

Det var vinn eller forsvinn for Sogndal då dei gjesta Nadderud stadion søndag kveld. Stabæk på si side har gløymt heile nedrykksstriden og kunne bruke kampen på å dyrke superspissen Ohi Omoijuanfo.

Og Ohi og vertane mata på framfor Sogndal-målet den første halvtimen. Ein vaken Mathias Dyngeland fekk rydda vekk mykje, før ungguten Ola Brynhildsen nærmast førte ballen på volley inn i nærmaste hjørne etter 30 minutt.

Laster innhold, vennligst vent..

Minutt seinare var det eit tigersprang frå keeper Dyngeland som berga håpet for Sogndal då Ohi klinka til på straffe. Men trass tigerredninga måtte laget etter kvart gå til pause på nedrykksplass.

Der fekk Sogndal-spelarane truleg også ei oppdatering frå kampen mellom Sarpsborg 08 og Aalesund, ein kamp Aalesund burde tape for at Sogndal skulle ha ein sjanse på å berge kvalikplassen.

– Vi var nok litt defensive i starten. Stabæk er gode, og det er vanskeleg å få tak på dei, vedgår trenar Bakke etter kampen.

Men tre minutt ut i andre omgang skjedde det ting. Både på Nadderud der Kjetil Wæhler mislukkast i forsøket på å smelle ein retur i mål, men ikkje minst på Sarpsborg stadion der heimelaget tok teten og stal poeng frå Aalesund. For Sogndal sin del var det svært godt nytt.

Ola Brynhildsen jubler for sin 1-0 scoring under Eliteseriekampen mellom Stabæk og Sogndal

SKÅRING: Ola Brynhildsen kunne juble over si 1–0 skåring mot Sogndal etter knappe halvtimen spelt.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Skåra på si første berøring

Sogndal-trenar Eirik Bakke varsla før kampen at om dei kom i ein situasjon der dei måtte gamble, så kom han til å byte innpå mange spissar i håp om å skåre mål.

Og ti minutt ut i andre omgang såg det ut til at ein taktikk i dei baner funka.

Innbytar Joachim Soltvedt fekk då servert ballen på sølvfat av Stanisa Mandic, og putta den elegant i mål etter 56 minutt spelt – og det etter berre eitt (!!!) minutt på bana.

Etter skåringa vakna Sogndal til og glimta til med eit pasningsspel publikum hadde sett lite til i første omgang.

Ei skåring skil laga før siste kamp

Vidare utover i omgangen klarte Sogndal å halde trykket mykje betre oppe enn i første omgang, men spelet veksla veldig mellom dei to banehalvdelane. Vertane pressa hardt på siste del av kampen og kom til fleire store sjansar like før kampslutt.

Med 1–1 lever håpet for ein kvalikplass for Sogndal. Dei er no likt på poeng med Aalesund som vart ståande med tap mot Sarpsborg 08. Dermed har både Sogndal og Aalesund 29 poeng og lik målforskjell, men med ei skåring i Aalesund sin favør. Stort jamnare kan det vel knapt bli.

– No må vi motivere oss for siste kampen. Det er slike kampar som er gøy, seier Soltvedt.

Vil ikkje høyre snakk om nedrykk

Neste helg blir det avgjort. Då møter Sogndal Vålerenga på Fosshaugane, medan Aalesund må krige om poeng med Strømsgodset – eit lag som kjempar om bronseplassen i serien.

– Det blir ei ganske vanleg veke for oss. Vi har stort sett slike kampar kvar haust, og no vi har nokre gamle karar på laget som veit kva det går i, seier Bakke.

Han trur dei har ein fordel i at dei har hatt kniven på strupen fleire gonger tidlegare når det har stått om å behalde plassen i serien.

– For Aalesund vil det å rykke ned ikkje vere bra. Det vil det ikkje for oss heller, men forventningane til Aalesund er mykje større. No har vi sjansen til å få kvalikplassen, og det skal vi kjempe med nebb og klør for å klare.

Bakke vil ikkje høyre snakk om nedrykk, verken frå pressa eller frå eigne spelarar.

– Skal vi vere i eliteserien må vi gjere oss fortent til det. No har vi moglegheita neste søndag, og då skal vi gje alt. Det er ikkje lov å snakke om nedrykk enno, no skal vi vere positive og sjå framover!

Laster innhold, vennligst vent..