Hopp til innhold

Super-sommaren sikra rekordtidleg frukt

LEIKANGER (NRK): – I år modna mange av sortane på likt, og det modna tidleg. Det vart ei utfordring for mange, seier Jens Terje Hammervoll i Sognefrukt.

Jens Terje Hammervoll

TIDLEG PÅ: Jens Terje Hammervoll framfor produksjonslinja. Eplene kom tre veker før tida i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I april såg det ut til at den skulle bli ein sein norsk frukthaust. Men så kom rekordsommaren.

– Blomstringa kom i ekspressfart, og det har berre heldt fram. Så i år er me veldig tidleg ute med eple. Om lag tre veker før normalen, seier Jens Terje Hammervoll, dagleg leiar ved Sognefrukt på Leikanger.

Intens hausting

Sommaren 2018 går inn i historiebøkene. Rekord etter rekord etter rekord har stått for fall. Tropedagar , skogbrannfare og fôrkrise er stikkord ein kan skriva i margen for sommarmånadane dette året.

Men for fruktprodusentane har året vore bra. Vanlegvis er dei aller første epla på veg inn til Sognefrukt i desse tider, men i år er dei allereie godt i gang med vasking og pakking av eplesorten Discovery. Også sorten Summer Red er dei i gang med. Vanlegvis er sortane modne med litt større mellomrom utover hausten.

Norsk eple, Discovery

SAMLEBANDET GÅR FOR FULLT: Nyvaska eple av typen Discovery på veg inn til sortering i Sognefrukt sine lokale på Leikanger langs Sognefjorden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Fruktbøndene har hatt utfordringar med å få hausta alt saman før det blir overmodent. Det har også vore ei utfordring å få inn sesongarbeidarane tidlegare enn vanleg. Men alt i alt har det godt bra, seier Hammervoll.

– Trass i tidleg og litt hektisk innhausting, har det gått bra. Det ligg an til ei auke hjå oss, og spesielt kvaliteten på frukta har nytt godt av den varme sommaren, held han fram.

Morelltopp

– Den varme sommaren har gitt veldig god smak og store volum på frukta, seier Christian Mjaaseth, marknadsansvarleg i Gartnerhallen.

– Spesielt morellar. Det har vore ein «all time high»-sesong. Nesten 700 tonn morellar er produsert i Noreg.

Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt

MORELLÅR: Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, fortel om eit veldig godt morellår.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det vart ein veldig kort og intens sesong. Den kom brått på, og det vart litt armar og bein overalt i starten. Me starta sesongen med litt for få plukkarar, men me fekk henta inn nok til sesongtoppen. Me hausta, pakka og leverte det me skulle, så me er godt nøgde, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar ved Lærdal Grønt.

Berre i 2016 har dei levert meir morellar enn i år. 215 tonn viste oversikta då siste bær var sendt av garde.

– Me er vande med tørke her i Lærdal, så me har klart å vatna nok. Det gav ei fantastisk avling, spesielt med poteter og gulrøter, seier Blaaflat Mundal.