Hopp til innhold

Super-comeback for Aafedt Flatland

Etter eitt år på sidelinja for å bli mamma, gjorde Ann Kristin Aafedt Flatland i dag comeback på skiskyttarstafetten i Rupholding. Og for eit comeback det vart!

Har vært borte fra verdenscupen i ett og ett halvt år etter å ha fått barn.

TILBAKE MED SIGER: Ann Kristin Aafedt Flatland var tilbake i verdscupen i dag.

Aafedt Flatland gjekk Norge sin andreetappe, og gjorde sakene sine bra. Ho trengte berre eitt ekstraskot, og då resten av lagveninnene også gjorde jobben, gjekk Norge inn til siger i stafetten.

Ho vart mor for fyrste gong i april, og var tilbake i konkurranse i november på Beitostølen.

I dag gjorde ho comeback i verdscupsirkuset, og det kunne knapt gått betre.

– Eg syns det gjekk bra, og dette var ein fin måte å koma tilbake på. Eg klarte å halde nervane under kontroll, seier ho til NRK.

Tora Berger gjekk i siste etappe, og brukte utrulege 6,5 sekund på å plaffe ned alle blinkane på siste skyting. Ho gjekk i einsam majestet over mållinja, nesten eitt minutt framfor Russland som vart nummer to, og Tsjekkia tok tredjeplassen.

Ann Kristin Aafedt Flatland og Norge vann i Rupholding

SUPER-COMEBACK: Stemninga i den norske leiren var god etter innsatsen på stafetten.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix