- Dette har blitt meir aktuelt no når E39 over Stigedalen i det siste har vorte betre. Tidlegare var det fjorden som batt bygdene i hop, men no har den blitt eit skilje. Vi har i dag kortare reisetid til Nordfjordeid enn til Volda, seier grendelagsleiaren.
Fleire plussider
Grendelaget har vurdert kommuneskifte i lenger tid. Og saka har blitt enno meir aktuell no i det siste på grunn av ein skulestrid med Volda kommune. Eidseflot seier denne striden ikkje er avgjerande for ønsket om å skifte kommune. Han ser fleire pluss med å melde flytting til Eid, mellom anna akuttberedskap og kortare veg til vidaregåande skule.
Bygdemøte i haust
Til hausten blir det bygdemøte i Bjørkedalen for å vurdere saka. Og varaordførar i Volda, Gunnar Strøm, vil arbeide hardt for å få behalde bygda i kommunen. For han likar ikkje tanken på å misse Bjørkedalen. Han seier grenda alltid har vore ein viktig del av Volda, og har ingen tru på dei vil gi avkall på identiteten som sunnmøringar.
Men Hans Peter Eidseflot trur det skal gå greitt for sunnmøringane å bli nordfjordingar. - Vi er ikkje så reinavla sunnmøringar, og har mykje hopehav med nordfjordingane, seier han.