NRK Meny
Normal

Sunnfjordkommunar ber om forlenga frist for kommunesamanslåing

Kommunane som jobbar med samanslåing i Sunnfjord ynskjer å utsette fristen for å melde attende til departementet om dei vil gjennomføre kommunesamanslåing.

Olve Grotle

BER OM UTSETTING: Førderodførar Olve Grotle (H) er leiar i for kommunereforma i Sunnfjord.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fristen er i dag 1. juli. Fleire av kommunane ynskjer å vente med folkerøystingar, og å ta avgjerd til etter at det nye inntektssystemet for kommunar er klart.

– Difor har styringsgruppa sendt eit brev til departementet med spørsmål om ein kan få utsett fristen noko, seier Olve Grotle, som er leiar i styringsgruppa for kommunereforma i Sunnfjord.

Nytt inntektssystem

I juni skal Stortinget vedta det nye inntektssystemet for kommunane.

– Enkelte av kommunane, eller ordførarane, meiner at korleis det nye inntektssystemet blir sjåande ut er viktig for kva standpunkt dei skal ta til kommunereformspørsmålet. Difor vil ein vente med å ta endeleg stilling til kommunesamanslåingspørsmålet til det er klart, seier Grotle.

Overgangsordningar

Regjeringa har lagt opp til overgangsordningar for kommunane som slår seg saman på 15 + 5 år, der ein i stor grad får behalde dei delane av inntektssystemet som no kan bli endra. Føresetnaden er at kommunane då slår seg saman innan fristen.

– Alle er nok samde om at desse overgangsordningane er så viktige at vi ikkje kan la dei gå frå oss, dersom ein ikkje skulle få utsett fristen.

Grotle understrekar at difor går arbeidet med samanslåing vidare slik at ein skal vere klare til å seie frå til departementet kva ein tenker å gjere i forhold til samanslåing innan fristen, dersom ein ikkje får aksept for ei utsetting.

– Kor lang utsetting er det de ynskjer?

– Det har vi ikkje tatt stilling til. Men det er i grunnen eit meir praktisk spørsmål. Dersom ein skal gjennomføre ei folkerøysting etter at ein har fått det endelege svaret på korleis inntektssystemet blir, så kan vel det av praktiske grunnar ikkje skje før etter sommarferien. Så då ser vi vel for oss ei utsetting på eit par-tre månader, seier Grotle.

Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".