NRK Meny
Normal

Sunnfjordingar vêrfaste i orkan

Familien til Elin Helen Helgheim frå Førde er i Florida, og må halde seg innandørs på grunn av orkanen «Matthew».

Elin Helen Helgheim og Arne Helgheim

TRYGGE: Elin Helgheim og Arne Helgheim har fått beskjed av myndigheitene at dei er trygge så lenge dei held seg inne.

Foto: Privat

– Det bles godt, men ikkje slik at vi er redde for vinden foreløpig. Palmane ligg sidelengs, men vi er inne i eit stort huskompleks, og myndigheitene har sagt at vi er trygge så lenge vi held oss inne. Vi har det eigentleg bra, seier Elin Helen Helgheim.

Familien på fire har vore innelåst i eit stort huskompleks sidan torsdag kveld, på grunn av orkanen «Matthew». Orkanen er no nedgradert til kategori 3, men president Barack Obama åtvarar innbyggarane i Florida om at orkanen framleis er svært farleg.

Orkanen «Matthew» vert omtalt som ein av dei kraftigaste som har truga den amerikanske atlanterhavskysten på ti år, og har tatt livet fleire hundre menneske i Haiti.

Godt informert

Christian Helgheim og Mathias Helgheim

FAMILIE PÅ 4: Det er familien Helgheim frå Førde som er vêrfaste i Florida på grunn av orkanen Matthew. Christian Helgheim (ståande) og Mathias (sittande).

Foto: Privat

Familien får ikkje lov til å forlate det huskomplekset dei oppheld seg i, men var ute ein tur før uvêret trefte land i går kveld. Helgheim seier det då var tydeleg at det var ein orkan på veg.

– Det var litt kaos i bybildet, for alle dei som bur ute ved kysten skulle evakuerast. Ein liten biltur som vi vanlegvis ville brukt fem minutt på, tok då 45 minutt. Vi har fått svært god informasjon, og er ikkje redde.

Lenge inne

Helgheim fortel at det som har vore mest utfordrande for dei hittil er at dei må halde seg inne heile tida.

– Vi hadde ikkje planlagt å vere innandørs så lenge i strekk, så vi har litt utfordringar med å underhalde ungane og få tida til å gå. Det er lenge å vente. Det har vore mykje nettbrett og litt kortspel hittil. Det er meldt fint vêr att i morgon, så vi får satse på at det går fort over.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.