Hopp til innhold

Sunnfjording torpedo-sikta: Vitne fryktar for liv og helse

Ein 24 år gamal mann frå Sunnfjord er sikta for kidnapping, grov vald, truslar og ran. No fryktar vitne for liv og helse dersom mannen blir sleppt laus frå varetekt.

Sogn og Fjordane tingrett

FENGSLA: Mannen i tjueåra blei fengsla fredag i nye fire veker i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK veit at folk i mannen sin krins har følt på frykt etter fleire hendingar den siste tida. Politiet fryktar også at vitne skal bli skremde frå å vitne mot mannen.

Dette blir stadfesta i ei avgjerd frå tingretten som NRK har fått tilgang til.

– Både vitne og fornærma har for politiet uttrykt stor frykt for kva som kan skje med dei og familiane deira når dei forklarar seg til politiet i saka, skriv Sogn og Fjordane tingrett.

– Motivert av hemn

Politiet meiner at mannen blant anna står bak ei eller fleire svært grove valdsepisodar knytt til Sunnfjord-området i Sogn og Fjordane.

Dei har sikta han etter nokon av dei meir alvorlege paragrafane i straffelova som omhandlar vald, truslar, ran og kidnapping. Mannen er også mistenkt for å ha drive med torpedoverksemd.

– Sikta sine handlingar synest å vere motivert av hemn eller pengeinnkrevjing. Det er stor sannsynlegheit for nye truslar og valdshandlingar, skriv tingretten.

NRK veit at politiet mistenker at mannen har handla på oppdrag for andre i Sunnfjord i samband med pengeinndrivinga og valden.

Hentar inn mykje bevis

Saka er under etterforsking og politiet har avhøyrd ei rekkje vitne. Dei har også henta inn medisinske rapportar frå Førde sentralsjukehus, samt fotobevis og anna dei no vil bruke for å få dømt mannen.

Men samstundes har politiet lagt eit tett lok over saka. Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, er på ferie og ønskjer ikkje å kommentere saka. Regionlensmann Dag Fiske har heller ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

– Dei forklaringane politiet har fått frå vitne og fornærma gjennom etterforskinga, tyder på at sikta har ei rolle i miljøet som gjer at vitne og fornærma fryktar han og det dermed skal lite til før dei blir påverka til å endre forklaringa si, skriv tingretten.

Blir fengsla til jul

Mannen blei første gong varetektsfengsla i starten av november. No er siktinga utvida til fleire alvorlege kriminelle forhold og tingretten meiner at mannen kan sitte fengsla i alle fall til 20. desember.

– Dersom sikta blir dømd, må han rekne med ei lenger ubetinga fengselsstraff. Det er difor sannsynleg at sikta vil ønskje å påverke vite dersom han får moglegheita til det, meiner tingretten.

Mannen har også tidlegare blitt dømt for blant anna grov vald. Mannen sin advokat ønskjer ikkje å kommentere NRK sine opplysningar.