Hopp til innhold

Sunnfjording må i fengsel etter drapstruglsar

Ein mann frå Sunnfjord er dømd til fengsel for blant anna å ha kome med drapstrugslar.

Fjordane tingrett 12

MÅ I FENGSEL: Ein mann i 30-åra må i fengsel etter fleire lovbrot.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen som er i 30-åra er i Fjordane tingrett dømd til 90 dagar fengsel med ei prøvetid på to år, etter fleire straffbare forhold.

Han er dømd for å ha kome med drapstrugslar mot to ulike personar, samt vald mot begge. Den eine er mannens dåverande sambuar.

Sunnfjordingen er også dømd etter vegtrafikklova for å ha køyrt bil i påverka tilstand, samt ulovleg eige av narkotika. Han skal også ha køyrt ein bil som ikkje var påsett lovlege kjennemerke.

Mannen mistar førarkortet i 21 månader, og må opp til ny førarprøve for å få det tilbake.

I tillegg må han betale ei bot på 40.000 kroner, eller 15 dagar i fengsel og sakskostnadar på 3.000 kroner.

Den tiltalte sa seg skuldig i tre av postane, men ikkje i dei som omhandla vald og trugslar.