NRK Meny
Normal

Sunnfjording laga bråk i Vadheim

Ein sunnfjording i 40-åra måtte torsdag kveld overnatte i arresten etter å ha slått til ein hotelleigar i Vadheim.

Den rusa mannen vart kasta av bussen i Vadheim torsdag kveld.

Før han oppsøkte hotellet i bygda, var han innom Esso-stasjonen, der han vart teken for nasking. 

Då han kom til hotellet urinerte han utanfor, på eit privat område.

Politiet kjenner ikkje bakgrunnen for at mannen slo hotelleigaren, men sistnemnde ringde i alle fall politiet for å verte kvitte den plagsame sunnfjordingen. Hotelleigaren vurderer å melde mannen til politiet.

Politiet tok sunnfjordingen med seg til Førde der han vart plassert i drukkenskapsarresten. Det var og skrive ut eit førelegg for åtferda, men dette nekta den noko krakilske mannen å godta, opplyser lensmannen i Høyanger, Olav Hellebø.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser