To av bandmedlemene kjem frå Sunnfjord, to andre frå Bergen.
Gaahl i Gorgoroth. (Foto: Peter Beste)
No har bandet fått polsk politi på nakken, etter det satanistiske sceneshowet. Årsaka er at eit TV-innslag frå showet, som vart sendt på polsk fjernsyn, har sett sinna i kok i det katolske samfunnet.
Skaka polakkane
Vokalist Gaahl i bandet Gorgoroth er ein av dei mest kjende black metal-vokalistane i verda. No har sunnfjordingen skaka opp det katolske Polen. Konserten med saueskallane og nakne korsfesta kvinner har blitt toppsak i polsk media, og politiet er kobla inn.
- Men konserten var aldri meint å nå media, fortel mannen med artistnamnet Gaahl.