Bokmelding av Marit Bendz.
Atten personar med totalt ulik bakgrunn og alder skriv om Sunnfjord. Her er folk som har flytta til og flytta frå, nokon har budd her stort sett heile livet og andre berre nokre år. Foreldre og besteforeldre stig opp frå sidene.
Aldersskilnaden på Ronny Brede Aase og Eldrid Lunden er nesten 50 år. Då får ein skildringar frå bedehusmøte på 50-talet med misjonærar som fortalde om land ingen hadde høyrd om, men og heime åleine-festar på 2000-talet som utarta seg.
Sunnfjord har endra seg. Sunnfjord har aldri vore ein ting, det er stor skilnad på inst i fjorden til ytst mot havet.
Alle kapitla handlar på eitt eller anna vis handlar om sunnfjordingen, på godt og vondt. Men mest på godt. Heidi Hattestein har prøvd å vere kritisk til patriotismen, som på mange måtar er bra, men og har ført til bitre stridar som mellom Førde og Florø. Men det er som om kjærleiken til heimstaden tek overhand og druknar den kritiske stemma.
Variasjonen i sjangrar gjer og boka spennande. Her er noveller og dikt, portrett av ein fjord og eit anna av ei mor, rein historietime og kav surrealisme, som skildringa til Hans Sande av julefeiring på Mars saman med Oddvar Torsheim og dei lokale marsbuarane snåttisane.
Kva har det med Sunnfjord å gjere? spør du kanskje. Det set fantasien i sving. Kanskje det er slik det vert opplevd for ein utanfrå å flytte til Sunnfjord – som å hamne på Mars? Tor Åge Bringsvær har sagt at den beste måten å skildre notida på er gjennom science fiction.
Det er nettopp variasjonen som gjer at dette aldri keisamt. Kan hoppe over eitt og anna kapittel om ein ikkje liker surrealisme eller haikudikt. Men alle vil finne noko dei liker her.
Kanskje skulle dette vere ei gåvebok til alle innflyttarar, slik at dei lettare kan forstå dette merkelege folkeslaget.
Mange er innom samhaldet. Nærleiken. At ein er avhengig av kvarandre, på godt og vondt, når ein er frå «ei så lita bygd at ho mest ikkje finst og det ikkje har hendt nokon verdas ting på mange 100 år», som Fridtjov Urdal skriv.
Mange er innom klisjeane om sunnfjordingen, er det noko i dei? Ja, meiner nokon. Nei, meiner andre. Lesaren får sjølv gjere opp si meining om kven som har rett. Ideen om å skildre Sunnfjord gjennom så mange ulike auge og skrivestilar er fantastisk.
Tåpelege skrivefeil har lurt seg unna korrekturen, det er synd. Nokre av bidragsytarane hadde trengt litt meir hjelp til redigering og oppstramming av teksten, det blir fort til at ein vil fortelje for mykje når ein skal skrive om noko så nært som barndom og heimstad.
Layouten er fin, 18 ulike portrett har fått eit felles uttrykk gjennom massiv fotoshopping. Enkel utforming er greitt når tekstane er så ulike.
Katrine Sele, som er innflyttar, skildrar ein fiktiv oppvekst i Førde, saman med veninna Elisabeth. Dei gjekk rundt i butikkane og prøvde blondenattkjolar.
«– Laura, tenk deg at du spring berrføtt over ei strand medan du har på deg ein slik kjole, og månen skin, og det er dramatisk pianomusikk i bakgrunnen! Er det ikkje fantastisk?
Blondene på kjolane var uinteressante for meg, alt eg ville var å høyre henne snakke slik. Orda hennar blei blonder på dagen min.»
Det er kanskje det «Ete fysst» er; atten ulike blonder på Sunnfjord – nye og gamle, godt handverk og ikkje fullt så godt handverk, men det er IKKJE noko maskinsaum iallfall.
Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord
Selja forlag
18 forfattarar