Sunnfjord sa ja til driftskonsesjon

Med knappast mogeleg margin, 23–22, sa Sunnfjord kommunestyre tysdag kveld ja til å gi Nordic Rutile driftskonsesjon for gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Samstundes sa fleirtalet at dei ikkje vil ha fjorddeponi av gruveslam. Direktoratet for mineralforvaltning tek endeleg avgjerd i saka. Fleire hundre personar demonstrerte utanfor rådhuset i Førde før møtet.

Gryta og Engebøfjellet
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK