Hopp til innhold

Sunnfjord ikkje lenger noko alternativ for Gloppen

– Gloppen har ikkje lenger noko samanslåingsalternativ mot Sunnfjord, seier rådmann Jan Kåre Fure.

Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure

MÅ NO SJÅ MOT NORDFJORD Rådmann Jan Kåre Fure i Gloppen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Etter det siste møtet i styringsgruppa for kommunereformarbeid i Sunnfjord rår han no til at Gloppen kommune trekker seg frå Sunnfjordsamarbeidet .

– Mi tilråding til politikarane er at vi konkluderer med at vi ikkje har noko Sunnfjord-alternativ, at det ikkje grunnlag for å gå vidare med noko samarbeid den vegen, seier Fure.

Lita interesse

Gloppen har fleire gonger spelt inn eit alternativ med liten SiS + Gloppen. Men så langt er det berre Gloppen sjølve som ser på dette som noko alternativ.

– Vi fekk det ikkje greidd ut i starten då vi melde det inn, og vi har heller ikkje fått aksept frå dei andre om å sjå på det, seier Fure.

Etter at planane om eit Stor-Sunnfjord, der 10 kommunar skulle gå saman stranda, har Gloppen i realiteten ikkje lenger noko alternativ sørover.

– Vi har heile tida håpa at liten SiS + Gloppen skulle dukke opp som eit alternativ, men det har altså ikkje skjedd. Tilbakemeldinga vi har fått er at om kommunane i liten Sis skal utvide så går dei heller mot Fjaler og Askvoll, seier Fure.

Nordfjord

Dersom Gloppen skal vere med vidare sørover, er alternativet å slutte seg til intensjonsavtalen som kommunane i "liten SIS" har inngått utan at det blir nokon nye forhandlingar om denne.

Dette er etter rådmannen sitt syn ikkje aktuelt. Det er heller ingen av kommunane i "liten Sis" som seier at dei ønskjer å ha med Gloppen.

– No i ettertid ser vi ganske tydleg at vi aldri har hatt noko alternativ i Sunnfjord, som vi har vore interessert i.

– Kva betyr det for det vidare arbeidet med kommunesamanslåing for Gloppen sin del?

– Det betyr, dersom politikarane som bestemmer dette er samde med meg, at vi no heilhjarta går inn for samarbeid i Nordfjord, og då ligg Eid vårt hjarte nærast, seier Fure.