Per Storegjerde. Arkivfoto NRK
Det er kommunane Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Solund som no kan gle seg over det gode resultatet i lag med den største eigaren, BKK. - Desse kommunane får til saman 23 millionar kroner i utbyte, og desse pengane kjem innbyggjarane til gode på ulike måtar, seier Per Storegjerde.
Mykje regn, låg rente
Og det er to hovudgrunnar til at selskapet tener meir pengar, seier administrerande direktør Per Storegjerde. Det har vore mykje nedbør, og renta har vore låg. Auka straumforbruk har og vore medverkande til det gode resultatet. Vi brukte 3,4 prosent meir straum i 2004 enn i 2003.
Knapt med elektrisitet
Men han vil likevel ikkje love reduserte straumprisar. - Det er knapt med elektrisitet i landet under eitt, og det er det som avgjer straumprisen, seier Storegjerde.