Hopp til innhold

Denne kraftutbygginga sikrar sunnfjordingane åtte millionar kroner

Sunnfjord Energi har i dag fått konsesjon til å byggje ut Jølstra kraftverk i Førde og Jølster.

Reinene etter utbygging

KRAFTUTBYGGING: Den nye storkommunen i Sunnfjord kan sjå fram til sju-åtte millionar kroner årleg om Jølstra kraftverk blir realisert. Illustrasjonen viser Reinene etter utbygging.

Foto: Sunnfjord Energi/Multiconsult / Illustrasjon

NVE tilrådde konsesjonen i fjor sommar og i dag vart konsesjonen gjeven av Kongen i statsråd.

Fredrik Behrens

GLAD: Fredrik Behrens håpar å få kraftutbygginga avgjort av styret før jul.

Foto: Helge Johnsen

– Vi er glade for at konsesjonen er endeleg avklara, og vi ventar å legge prosjektet fram for investeringsavgjerd for styret før jul, seier administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi i ei pressemelding.

Har møtt motstand

Energiverket har jobba med prosjektet i ti år. Søknaden vart sendt i 2013. Planen om å byggje kraftverk i ein 5,5 kilometer lang tunnel frå Tongahølen nedanfor Vassenden har har møtt motstand frå fiskemiljøet og Jølster Rafting.

Ei utbygging kan bety kroken på døra for Jølster Rafting . Dagleg leiar Erik Kristian Steinset er skuffa, men ikkje overraska over avgjerda.

Jølster rafting

IKKJE NØGD: Dagleg leiar Erik Kristian Steinset (t.h.) og styreleiar Per Tysse fryktar at den låge vassføringa i Jølstra vil vere punktum for Jølster Rafting. – Ein skal ikkje seie at det er umogleg å halde fram, men no må vi drøfte internt kva vi gjer vidare, seier Steinset.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– No må vi i tenkeboksen. Vi har eit fantastisk raftingprodukt på nasjonal og internasjonal målestokk og då blir det utfordrande når du misser dei beste delane av elvane. Det gjer noko med inspirasjonen til å halde dette i drift, seier han.

Legg att verdiar lokalt

Utbygginga til vel 700 millionar kroner vil gi straum til vel 10.000 husstandar. For at kraftverket skal kome med i elsertifikatordninga har Sunnfjord Energi parallelt med konsesjonshandsaminga jobba med detaljplanar.

Konsesjon til Jølstra kraftverk

NØGDE: Regjeringspartia var representert under presentasjonen av konsesjonen. – Når det er stor lokal oppslutning omkring eit prosjekt er det viktig for oss at departementet viser ei ja-haldning tilbake for å bidra til lokal verdiskaping og aktivitet. At det er vedteke at kraftverket blir med tilhøyrande jordkabel er positivt med tanke på å avgrense kor synleg dette er i naturen, sa Britt Dalsbotten (bakerst) frå Frp.

Foto: Høgre

Selskapet har nyleg invitert kvalifiserte tilbydarar til å kome med anbod. Håpet er å komme i gang med anleggsarbeidet like over nyttår, med produksjonsstart i 2020.

– Prosjektet er kostnadsrekna til kring 700 millionar kroner og i vonar at ein stor del vil ligge att lokalt, seier prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme.

Auka inntekter

Oddmund Klakegg ved elva Jølstra

LITE KONFLIKT: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), seier at det har vore lite konflikt rundt utbygginga av Jølstra. – Noko har det sjølvsagt vore, men det har vore knytt til ulike interesse som rafting og fiske, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Blir kraftverket realisert kan det gi den nye storkommunen i Sunnfjord sju-åtte millionar kroner årleg i auka inntekter.

Kommunane vil også få tunnelmassane til opparbeiding av industriområdet som er under utbygging på Moskog.

– Vi har ei avtale med Sunnfjord energi som seier at Jølster kommune får mellom sju og åtte millionar kroner årleg i inntekter. Dette går inn i den nye kommunen og betyr noko for inntektene og velferdsproduksjonen der, seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

20 utbyggingar på ti år

Utbygginga kan bli ei av tre store kraftutbyggingar i Jølster. Til neste år håpar Klakegg at ein også kjem i gang med eit stort prosjekt i Stardalen.

– Jølster har hatt ei flott utvikling på produksjon av fornybar energi, med ti kraftverk siste ti åra. I tillegg ligg det tre-fire til dei neste åra, seier han og meiner at naturen i Jølster ber fint lite preg av utbyggingane.

– Eg trur Jølster og naturen i Jølster har halde på sin identitet og attraktivitet, sjølv om ein har tatt i bruk mykje av ressursane i vassdraga, seier han.