Sunnfjord - Sunnmøre på halv tid?

E39 frå Skei til Volda kan kortast inn svært mykje.

Det kortaste stamvegalternativet frå Skei til Volda er rekna til 64 minuttars køyretid. Det nest kortaste vil ta 67 minuttar, skriv Fjordabladet .

I dag tek strekninga 132 minuttar å køyra.

Kostnadane er usikre

Stamvegalternativ

Alternativ

Tidsbruk

Lengd

Skei-Innvik-Kviven-Volda

64 min

84,8 km

Skei-Sandane-Voldsfjorden-Volda

67 min

85,9 km

Skei-Sandane-Austefjorden-Volda

75 min

90,3 km

Skei-Sandane-Heggjadalen-Volda

82 min

104,9 km

Skei-Byrkjelo-Olden-Kviven-Volda

93 min

114,7 km

Dei neste tre månadane vert avgjerande for kvar Statens vegvesen vil ha E39. For i alt fem alternativ skal vurderast av Vegvesenet - med køyretid frå 64 minuttar for det kortaste alternativet, til 93 minuttar for det lengste.

Kor lange dei ulike alternativa vil verta er altså klart, medan kostnadane er meir usikre.

- Det er veldig vanskeleg å berekna kostnader ved dei store fjordkryssingane, men me meiner å ha nok kunnskap til å gje ei tilråding i januar, seier senioringeniør Kjell Kvåle i Statens Vegvesen.

Kritisk til analysane

Stamvegalternativ E39

Dette er alternativa Statens Vegvesen no jobbar med.

Foto: Statens Vegvesen

Det er politisk semje i Sogn og Fjordane om det såkala Svingalternativet via Hornindal og Kjøs Bru. Men dette alternativet har ikkje Statens vegvesen utgreidd, noko ordførar i Hornindal, Anders Ryssdal, reagerer på.

- Dette bør vera med, ettersom eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane går for Svingalternativet. Reisetida for Svingalternativet bør koma inn i det vidare arbeidet, og leggjast ved rapporten.

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, vil aller helst ha Stigedalsalternativet som har kortast reisetid, og meiner det er flere manglar ved analysane Vegvesenet har gjort.

Frå venstre Gloppen-ordførar Anders Ryssdal, Eid-ordførar Sonja Edvardsen og vegsjef Ole Chr. Torrp.

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal, Eid-ordførar Sonja Edvardsen og vegsjef Ole Chr. Torrp under vegmøtet tysdag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Det manglar fyrst og fremst større vektlegging av samfunnsnytten vegen har ved å gå gjennom folkerike regionane i Nordfjord og vidare nordover.

- Kva vil samfunnsnytten innebera?

- Den vil visa pendling mellom og innad i regionane. E39 er viktig for å ha nok innpendling av arbeidstakarar, som igjen er viktig for næringslivet.

Statens Vegvesen skal koma med ei tilråding til traséval i januar.