– Eg har alltid vore interessert i å lage mat. Interessa har utvikla seg meir og meir for dette med sunn livsstil, helse, trening og bra kosthald, seier Stuhaug.
No håpar ho at ho kan vere ein inspirasjon for andre. Både i form av å få andre til å bruke kroppen meir, men også tenkje over kva ein puttar i den.
– Eg merka sjølv at eg fekk mykje meir energi av å trene og ete sunt. Kvardagen vart heilt annleis, seier ho.
Valde å følgje draumane sine
19-åringen frå Naustdal har for alvor følgt draumane sine. Frå ung alder har ho hatt interesse for kokkeyrket, og etter at ho sjølv la om livsstilen i 10. klasse har draumen gått nye vegar.
– Eg byrja interessere meg for ein sunn livsstil då eg gjekk siste året på ungdomsskulen. Då la eg sjølv om livsstilen min, og interessa for å leve sunt og lage sunne måltid var stadig større, seier ho.
Valet for vidaregåande utdanning vart difor enkel. Men etter to år på kokk og servitør, hadde ting endra seg litt.
– Eg valte å ikkje gå vidare innan kokkeyrket, og tok påbygg i staden. Grunnen var at eg heller ville bli noko innan lidenskapen min, trening, sunn mat og helse, fortel Stuhaug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under)
Reiste til USA og tok PT-utdanning
Og i fjor haust tok ho steget. Saman med ei venninne sette ho seg på flyet over dammen, med destinasjon Florida, USA.
– Der var eg i tre og ein halv månad og tok utdanning som personleg trenar. Etter at eg kom heim har eg fått jobb på Spenst i Førde som personleg trenar og rettleiar, seier Stuhaug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det må vere ein balanse
Men det er ikkje berre i form av trening at 19-åringen lever ut draumen.
Sunnfjord-jenta har eigen blogg der ho deler oppskrifter på freistande sunn mat, både frukost, lunsj, middag, dessert og kaker.
– Stadig fleire blir meir og meir opptekne av dette med sunn mat og sunne alternativ. Oppskriftene eg legg ut, også på kaker og dessertar, er ting ein kan lage også i kvardagen, seier Stuhaug.
For oppskriftene hennar er av den sunne sorten. Stuhaug har brukt mykje tid på å prøve seg fram, og utvikla eit godt auge for å få til sunnare alternativ til folk sine favorittar.
Sunnare panna cotta, vaflar, påskeegg, sjokoladekake og konfektar er berre nokre av dei søte alternativa.
Stuhaug er oppteken av at folk skal kunne kose seg, også i kvardagen.
– Det er viktig å finne ein balansegang. Ein kan ikkje bli fanatisk, men ha ein balanse mellom det sunne og ikkje fullt så sunne, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Får respons frå inn og utland
Oppskriftene og dei freistande bileta av sunn mat deler ho både på bloggen og på Instagram. Og responsen let ikkje vente på seg.
Lesarar frå både inn- og utlandet let seg freiste og inspirere av maten hennar.
– Det betyr veldig masse. Det er det som får meg til å halde fram med dette. Spesielt med bloggen. Det tek ganske mykje tid, og det er ingenting eg tenar pengar på.
– At folk set så stor pris på det eg delar, det får meg til å ville halde fram, seier ho.
- LES OGSÅ:
Har ein draum om eiga kokebok
Dei mange oppskriftene kan også bli til noko meir. 19-åringen vedgår at ho har ein draum.
– Sidan eg var lita jente har eg hatt ein draum om å gje ut ei kokebok. Det var spesielt i den tida då eg hadde ambisjonar om å bli verdas beste kokk, flirer ho.
– No har interessa mi gått meir i retning av det sunne, og eg har framleis ein draum om å gje ut ei kokebok med sunne oppskrifter. Men eg må vel bli litt meir kjent før eg kan satse på å få gjort det, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Slik går vegen vidare
Men namnet hennar er ikkje ukjent lenger. Nyleg vart ho kontakta av 4H i Sogn og Fjordane, som hyra ungjenta inn til å halde kurs i sunne søtsaker for dei vaksne i organisasjonen.
– Det var kjempekjekt. Eg fekk veldig mange gode tilbakemeldingar. Det var til dømes menn i 40-årsalderen som var skikkeleg engasjerte, seier Stuhaug.
Draumen om ei eiga kokebok kan dermed vere hakket nærare. No tek ho eitt steg av gangen.
– Eg håpar å kunne starte opp med litt kursing på eiga hand, og på sikt håpar eg å utdanne meg til ernæringsfysiolog, seier 19-åringen.