Sunde vann ikkje fram i søksmålet mot Nordea – må betale 300.000 i advokatkostnader

Ein av Norges største bitcoinvekslarar, Sturle Sunde, har gått til sak mot Nordea med krav om å få gjennoppretta bankkontoen sin. Det kravet nådde han ikkje fram med i Oslo tingrett.

Sturle Sunde

TAPTE FØRSTE RUNDE: Sturle Sunde tapte første runde i retten.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg føler eg har ei sterk sak, seier Sunde til NRK.no tysdag kveld.

Han hadde då nettopp fått tilsendt Oslo tingrett si avgjerd i tvistesaka der han kravde at han fekk gjenopprette den private bankkontoen sin hos Nordea.

Kontoen har Sunde brukt til handel med den digitale valutaen bitcoin, men i frykt for kvitvasking og terrorfinansiering valde banken å seie opp kundeforholdet tidlegare i år.

Nekta for risiko ved kundeforholdet

Florø-mannen Sturle Sunde har drive med kjøp og sal av såkalla bitcoin i mange år, og er i dag ein av dei største vekslarane av denne valutaen i Norge. Ifølgje domspapira vart det i juni i år gjort 1400 transaksjonar med veksling av bitcoin gjennom kontoen til Sunde.

Etter at Sunde blei ståande utan konto i Nordea i oktober, valde han å gå til sak mot banken. I første omgang har Oslo tingrett no teke stilling til det som blir kalla ei midlertidig forføyning, der Sunde kravde å få gjennoppretta kontoen sin fram til det er teke ei endeleg avgjerd i saka.

Sunde sjølv heldt i retten fram at han meiner banken har moglegheit til å føre kontroll med transaksjonane, og at det ikkje er knytt noko risiko til kundeforholdet som gjer at dei har sakleg grunn til å seie det opp.

Han viste vidare til at han vil lide store økonomiske tap som følgje av at banken seier opp kundeforholdet hans.

Meiner kontoen er brukt til kvitvasking

Nordea viste på si side til den såkalla kvitvaskingslova sin paragraf 10, første ledd, der banken har plikt til å avvikle kundeforhold ved risiko for kvitvasking og terrorfinansiering.

Dei meiner det ikkje er tvil om at Sunde har vore nytta til kvitvasking, og nektar for at dei har moglegheit til å spore kvar bitcoinsa det blir handla med stammar frå.

I si vurdering viser har tingretten mellom anna lagt vekt på politiførstebetjent Eirik Sneeggen i Kripos si forklaring. Kripos har spora svært mange transaksjonar til og frå illegale salssider på det mørke nettet til og frå Sunde Bitmynthandel.

Ifølgje rettspapira har Sneeggen også forklart at Sunde ved fleire høve har vore i dialog med politiet i pågåande straffesaker. Til E24.no seier Sneeggen at dei fleire gonger har fått informasjon frå Sunde som har vore brukt til å avdekke kriminelle forhold.

Må betale sakskostnader på 200.000 kroner

Retten meiner ifølgje kjennelsen at det er utvilsamt at Sunde har vore nytta som mellommann i transaksjonar mellom narkotikakriminelle. Etter ei samla vurdering meiner retten difor at Nordea hadde sakleg grunn til å seie opp kundeforholdet.

Dei avviser dermed Sunde sitt krav om å få mellombels gjenoppretta kontoen sin. I staden må Sunde betale sakskostnadane til Nordea på nesten 200.000 kroner.

– Eg meiner retten har brukt kvitvaskingslova feil, seier Sunde som no vil gå ei runde med sin advokat om eventuell anke av kjennelsen. Sjølv har han hatt advokatkostnader på rundt 100.000 til saka til no.

Hovudsaka kjem opp til neste år

Ein gong neste år går uansett sjølve hovudsaka i retten. Den handlar om kravet Sunde har om å få oppretta ein firmakonto i Nordea, for firmaet sitt Bitmynt As.

Dette selskapet skal ifølgje Sunde utvikle og drive ei plattform for veksling mellom tradisjonell valuta, bitcoin og anna kryptovaluta. Sunde held fram at plattforma skal tilfredsstille alle krav for kundekontroll og mot kvitvasking som gjeld for bankar og betalingsformidling.

Då Sunde i sommar søkte om å få opprette bedriftskontoen i Nordea fekk han nei, og det var to dagar seinare at banken bestemte seg for å seie opp den private brukskontoen hans.

For Sunde er det dyrt å føre saka for retten, men det er likevel kostnader han er villig til å ta.

– Eg føler meg som ein fredlaus, etter å ha blitt stengt ute av fleire bankar på omgåande varsel.