NRK Meny
Normal

Melder seg ut av AP i protest

Gunnvor Sunde melder seg ut av AP i protest mot det ho meiner er ein sentraliseringspolitikk i partiet.

Gunnvor Sunde

Fylkespolitikar Gunnvor Sunde meiner AP driv sentraliseringspolitikk. Derfor melder ho seg ut i protest.

Foto: NRK

Fylkespolitikar Gunnvor Sunde frå Gloppen melder seg ut av Arbeidarpartiet. Ho meiner partiet fører ein politikk kor sentralisering har for stort fokus.

Ferdig med AP

I meir enn 20 år har Sunde vore medlem i AP. Ho sit på fylkestinget og er medlem av fylkesutvalet. Likevel vil ho no ikkje ha meir å gjera med Arbeidarpartiet, og melder seg derfor ut.

Sunde syner både til sjukehussakene, skulepolitikken og ikkje minst samferdslepolitikken.

Mista håpet

Den røynde politikaren avviser at utmeldinga er ein reaksjon på at ho ikkje vart nominert til fylkestingsvalet neste år.

– Langt ifrå. Eg har tvert imot sagt frå at eg ikkje lenger er ein mogleg kandidat. Eg har mista tilliten og håpet til at Arbeidarpartiet står for det dei seier dei står for, slår Sunde fast.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå