Normal

Suksessrik sportsskyttar frå Eid

EID (NRK): 19 år gamle Regine Nesheim frå Eid har allereie hevda seg heilt i toppen i sportsskyting. Denne helga konkurrerer ho i den prestisjetunge Swedish Cup.

Portrett av Regine Nesheim og rifla

NØGD: Regine Nesheim er svært nøgd med suksessen ho har hatt så langt i idretten sin.

– Det er debuten som seniorskyttar, så meg har eigentleg ikkje så høge forventningar sa Nesheim før tevlinga i Sverige hadde starta.

På dag to av konkurransen vart ho nummer to av 61 skyttarar, noko som må seiast å vere eit godt resultat, med tanke på hennar audmjuke innstilling.

– Det har ikkje blitt så veldig mykje trening no i jula, så forma er eigentleg heilt grei, sa ho tidlegare denne veka.

Nesheim har allereie hevda seg heilt i toppen av skytesporten, mellom anna med gull i junior-VM i Tyskland i fjor. Neste høgdepunkt er EM, som vil vere i slutten av februar.

Øver heime i verkstaden til faren

Nesheim har skote både med grovkaliber og finkaliber, men dei siste åra har ho satsa for fult på sistnemnde. Øvingslokale har ho heime der ho bur i lag med foreldra. faren har nemleg ein stor, gamal industriverkstad som fungerer fint til å øve i. Der har ho bane på ti meter til å trene på.

– Og her er det fleire som trenar. Heile Eidsbygda skyttarlag og Haugen skyttarlag brukar denne verkstaden fleire gonger i veka, fortel Nesheim.

Regine Nesheim med rifle

SATSAR PÅ FINKALIBER: Regine Nesheim har skote mykje både med finkaliber og grovkaliber, men dei siste åra har ho satsa på førstnemnde.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det først dei siste åra ho verkeleg har satsa på idretten, men skytinga har vore med ho lenge.

– Eg byrja med skyting allereie då eg var 7–8 år gamal. Då eg skulle på vidaregåande valde eg å flytte til Lillehammer for å gå på Norsk toppidrettsgymnas. Det gav meg høve til å satse endå meir på sporten, seier eidaren.

Kva er det som driv deg?

– Skytinga har betydd veldig mykje for meg. Men all den fritida og reisinga eg har brukt på det, så har det jo eigentleg berre blitt ein del av meg.

Vegopning på Bergum i Førde kommune