Strålande sommarsesong for Vestkapphuset

VESTKAPP (NRK): – Her er det alltid folk, seier Kristina Leknesund Myrseth. Eitt år har gått sidan seljeværingen tok over Vestkapphuset. No strøymer turistane til.

Kristina Leknesund Myrseth

SUKSESS: – Eg er veldig nøgd med drifta, og vi opna for berre eit år sidan, seier Kristina Leknesund Myrseth. Ho driv Vestkapphuset, som er ein av dei vestlegaste kafeane i Noreg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vestkapphuset fekk store skadar og måtte stengjast etter at orkanen Dagmar herja i romjula 2011. I fjor kunne dei opne dørene igjen, og sidan har det berre gått ein veg for kafeen på Stadlandet.

– Fullt hus

Til trass for at kafeen ligg på Noregs mest forblåste stad, har det ikkje vore til hinder for suksess. Kristina Leknesund Myrseth, som driv Vestkapphuset, fortel at sommarsesongen går så det susar.

Kristina Leknesund Myrseth Vestkapp

GLAD: Kristina Leknesund Myrseth er glad for at drifta av Vestkapphuset går så det susar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er folk innom heile tida. Både turistar som kjem med cruisebåtar, og andre tilreisande som berre tek seg ein dagstur.

Det er viktig for ho at dei tilreisande får gode opplevingar av topp kvalitet.

– Hovudregelen vår er at alt som vi serverer skal vere heimelaga. God, tradisjonell norsk mat, med ein liten moderne vri, seier ho.

Utsikt frå Vestkapplatået på Stad

UTSIKT: Utsikta frå Vestkapplatået. Platået ligg vêrhardt til og ruvar 497 meter over Stadhavet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fleire planar

– Drifta går godt, og tilbakemeldingane har vore utelukkande gode, fortel Myrseth.

Sjølv om oppstart berre var for eit år sidan, fortel ho at planar om å utvikle bedrifta allereie er i gong.

– No er det veldig lite her i forhold til mengda med folk som kjem innom. Vi tenker ein del på kva vi kan bygge for å tilfredsstille alle behov.

Ho fortel at huset er totalrenovert, men har vorte litt mindre enn kva det var.

– Det er mykje forskjellig som står på planen. No ser vi på kva som kan vere lønnsamt og kva det er behov for.

Vestkapp blir rekna som det vestlegaste fjellplatået i Noreg og ligg på fjellet Kjerringa i Selje kommune. Turistar strøymer til kvart år, og Myrseth tenker det er lurt å utvikle bedrifta vidare.

– Her er det alltid folk. Då gjeld det berre å utvikle tilbodet, seier ho.

– Endeleg

Noko som har kome på plass er nye toalett. Myrseth seier det var på tide.

– Det er utruleg herleg at dei er kome på plass. Det var det eit stort behov for.

Nye toalett ved Vestkapphuset

SLEPP DOKØAR: Det har kome opp fleire toalett ved Vestkapphuset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ho fortel at det tidlegare berre var to toalett inne. Etter opninga i fjor såg dei fort behovet for fleire.

– Det er ikkje så mange andre alternativ i området, og der folk stoppar bør det vere toalett, seier ho.