NRK Meny
Normal

Suksess med breføring på Strynefjellet

Den tradisjonsrike breføringa i Indre Nordfjord er flytta frå Bødalsbreen til Strynefjellet.

Stryn sommarski

BREVANDRING: I sommar har mange tatt stolheisen på Tystigen til å frå breen på Strynefjellet.

Foto: Stryn Sommarski AS

Etter den omfattande nedsmeltinga av Bødalsbreen er breen på Tystigen blitt eit nytt brevandringsmål gjennom eit samarbeid med Stryn Sommarskisenter

– Dette er ein sesong som har gitt meirsmak så til dei grader seier Frode Briksdal i Briksdal Adventure.

Breføringa starta som eit prøveprosjekt i fjor, og årets sesong har vore ein stor suksess.

– Vi er svært godt nøgde med det vi har fått til, og dette skal no utviklast vidare i samarbeid med sommarskisenteret, seier Briksdal.

Over 500 på brevandring

Sist veke avslutta dei to breførarane på Tystigbreen sesongen etter å ha tatt med over er 500 personar på denne nye brevandringa. Der har dei nytta stolheisanlegget på sommarskisenteret til å frakte folk komfortabelt til og frå breen. Briksdal Adventure har prøvd seg litt fram for å få til eit nytt godt brekonsept etter Bødalsbreen, seier Briksdal.

– Dei to siste åra så har vi hatt Tystigen, bak sommarskisenteret, som utgangspunkt for breturane våre.

Bresmelting

Årsaka til det er at dei meir lågtliggande breane etter kvart smeltar vekk og blir vanskelegare å kome til.

– Distansen for å kome til desse meir lågareliggande breane har etter kvart blitt mykje lenger å gå.

– Men blir dette skikkelege blåisvandring?

– Nei dette er ikkje blåisvandring i den forstand. I alle fall har det ikkje vore det i år, i fjor sommar var det nok det. Men i år så har det vore mykje snø opp, og dermed har det blitt vandring på snødekt bre, seier Briksdal.

Frå neste år håpar dei å også kunne gi eit tilbod til cruiseturistar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser